Masfjorden

 

Sjukepleiarar – Masfjorden sjukeheim

 

Om stillinga

Masfjorden kommune søker etter to sjukepleiarar i faste 80 – 100% stillingar, med arbeidsstad for tida ved Masfjorden sjukeheim.

Stillingane er ambulerande nattevaktstilingar. Nattevaktene er på 10,5 timer.

 

Me ser etter sjukepleiar som

  • Har autorisasjon som sjukepleiar
  • Har evne til å arbeide i sjølvstendig og i team
  • Er fleksibel, tek ansvar og samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
  • Er motivert til å yte gode tenester til brukarane våre
  • Har godt humør, er raus og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. For framandspråklege er det krav om bestått norsk nivå b2
  • Har førarkort klasse B

 

Søkarar med fagbrev som helsefagarbeidar kan verte vurderte for ei av stillingane

 

Arbeidsoppgåver

  • Delta i varierte arbeidsoppgåver både inne på sjukeheimen og til heimebuande
  • Motta telefonar og vurdere behov for tilsyn på natt
  • Trygge brukarar på telefon og eventuelt rykke ut ved behov for tenester
  • Foreta vurdering om behov for bistand frå legevakt og naudetatar
  • Arbeid kvar 3. helg

 

Me tilbyr

  • Full stilling. Mellom 80 – 90% om ein berre går nattevakter
  • Ein interessant og utfordrande jobb saman med dyktige kollegaer
  • Ein arbeidsplass som gjev deg høve til utvikling
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Løn og arbeidsvilkår etter avtaleverket
  • Pr. i dag 10 000 kroner utover tariff i tillegg for høgskuleutdanna i turnus, og 50 kroner ekstra pr. time i helgetillegg
  • Betalt lunchpause

 

Masfjorden sjukeheim

Masfjorden sjukeheim ligg på Hosteland og har 32 sengeplassar.

Klikk her for å sjå korleis me har det hjå oss

 

Politiattest

Den som vert tilsett må leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader.

 

Om oss

Masfjorden kommune ligg midt i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord ogkommunane Modalen og Alver i sør. Administrasjonen i Masfjorden kommune er lokalisert i kommunehuset på Sandnes.

Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar

 

Spørsmål om stillinga

Aud Berit Sleire
Leiar Masfjorden sjukeheim
41803328
aud.berit.sleire@masfjorden.kommune.no

 

 

Søk stillinga

 

 

Søknadsfrist: 1. januar 2025
Arbeidsgivar: Masfjorden kommune
Kommune: Masfjorden
Omfang: Heiltid (2 stillingar)
Varigheit: Fast
Arbeidsstad: Fensfjordvegen, 5986 Hosteland

Del stillingen

Selskap

Masfjorden kommune

Kontaktinfo

  • Aud Berit Sleire
  • Tittel: Leiar Masfjorden sjukeheim
  • E-Post: aud.berit.sleire@masfjorden.kommune.no
  • Mobil/Tlf: 41803328

Lokasjon

  • Hosteland

Søknadsfrist

Januar 1, 2025