Avdelingsleiar Knutsaåsen omsorgssenter – Eining for institusjon

 

Stillingstittel Avdelingssykepleier

Oppstart Etter avtale’

Type ansettelse Fast, heltid 100%

Arbeidstid Dagtid, ukedager

Arbeidsspråk Norsk

Antall stillinger 1

Arbeidssted Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 19. april

Gå til søknad

På Knutsaåsen omsorgssenter er det 46 rom, organisert som omsorgsbustader. Vår visjon er kultur, trivsel og omsorg i kvardagen.

Har du interesse av å jobbe som leiar i ein spanande demensavdeling? Avdelinga har 20 pasientar, fordelt på to grupper.

Du vil arbeide tett med eit team av høgt kvalifiserte medarbeidarar og sikre at avdelinga når sine mål. Me søkjer no etter ein avdelingsleiar som vil vere med på å forme framtida vår!

Knutsaåsen omsorgssenter er organisert saman med Stord sjukeheim i eining for institusjon og du vil vera ein del av ei trygg og god leiargruppe som har faste møtepunkt.

Me har frå august ledig fast 100% stilling for avdelingsleiar ved Knutsaåsen omsorgssenter.

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisert sjukepleiar eller vernepleiar med erfaring og kompetanse innan geriatri, fortrinnsvis demensomsorg
  • Erfaring frå og/eller interesse for leiing.
  • Gode kunnskapar om relasjonell leiing og arbeid med system knytt til internkontroll, arbeidsmiljø og samarbeid med partane i arbeidslivet.
  • Kunnskap og forståing av turnus, arbeidstidsordningar og lovverk knytt til dette.
  • Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing

Me ønskjer ein person som:

  • Kan leie og motivere avdelinga sine tilsette
  • Er ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert
  • Er fagleg oppdatert og engasjert i fagleg utvikling og kunnskapsbasert praksis
  • Er pådrivar for internundervisning og fagutvikling i eininga
  • Har høg arbeidskapasitet, er påliteleg, fleksibel og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Har evne til å arbeide målretta og sjølvstendig
  • Har evne til fleksibilitet, samarbeid og god kommunikasjon med brukar, pårørande og kollega
  • Det vert lagt særskilt vekt på personlege eigenskapar

Me kan tilby:

  • Eit positivt og godt arbeidsmiljø med spanande arbeidsoppgåver
  • Engasjerte kollegaer med ulik erfaring og kompetanse
  • God opplæring og oppfølging
  • Inkluderande arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Bedriftshelseteneste
  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk

Offentleg tenestepensjon

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

For nærare opplysningar, ta kontakt med:

Einingsleiar Britt Nelly Hystad Barane, tlf 924 86 358

Kontaktperson for stillingen

Britt Nelly H Barane

Einingsleiar

924 86 358

Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og barnehagelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.

 

Del stillingen

Selskap

Stord kommune

Kontaktinfo

  • Britt Nelly Hystad Barane
  • Tittel: Einingsleiar
  • E-Post: britt.nelly.hystad.barane@stord.kommune.no
  • Mobil/Tlf: 924 86 358

Lokasjon

  • Stord

Søknadsfrist

April 19, 2026