Miljøarbeidar med helsefagleg bakgrunn

 

 

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialiserande. Vi har i dag to skulestader, ein på Bildøy og ein i Sund, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med Ca 150 vaksne elevar på ulike program.

Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande felleskap der alle medverkar til fagleg og sosial utvikling. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein læringsarena tufta på tillit og respekt for kvarandre.

Vi søker etter miljøarbeidar med helsefagleg bakgrunn i 83% stilling.

 

Søknadsfrist: 30.04.2025
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Skogsvåg
Stillingstittel: Miljøarbeidar med helsefagleg bakgrunn
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 83
Webcruiter-ID: 4949296470
Startdato: 01.08.2025

 

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide i tilrettelagte grupper.
  • Praktisk og teoretisk oppfølging tilpassa elevane.
  • Tett oppfølging av einskilde elevar i samarbeid med føresette, lærar og andre støttefunksjonar.
  • Skape og utvikle opplæringa i samarbeide med elevar, kollega, og skuleleiing.
  • Halde seg informert om utvikling i fagfeltet og legge til rette for overgang til tilrettelagt arbeid.
  • Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt, og for at dei skal meistre livet som sjølvstendige vaksne. 

 

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som helsefagarbeidar.
  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeider kan bli vurdert. 
  • Ønskjeleg med erfaring innan arbeid i tilrettelagt opplæring, men ikkje eit krav.
  • Gode IKT kunnskapar.
  • Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg. 
  • Kommunisere godt på norsk munnleg og skriftleg.

 

Personlege eigenskapar

  • Gode evner i møte med elevar med særskilte behov og har eit særleg ønske om å arbeide med denne elevgruppa.
  • Vi ønskjer søkjarar med eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
  • Du bidrar til elevanes faglege og sosiale utvikling.
  • Du er fleksibel og ser moglegheiter.
  • Å vere eigna for arbeid med ungdom med særskilte behov vil bli tillagt stor vekt.
  • Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elever og andre samarbeidspartar.

 

Vi tilbyr

  • Løn etter kvalifikasjonar.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
  • Gode moglegheiter til eigen læring og utvikling.
  • Ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
  • Trimgrupper for tilsette. 

 

Andre opplysningar.

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som tilsetjast må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Finkelhølsvegen 10, 5382 Skogsvåg, Norge

 

 

Søk her

 

 

Kontaktinformasjon

Kari Lund Birkeland
avdelingsleiar
 Telefon:95819943

Erik Henneli
 Telefon:95826077

Olav Lee
rektor
 Telefon:93034370

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Kari Lund Birkeland
  • Tittel: Avdelingsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 958 19 943
  • Erik Henneli
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 958 26 077
  • Olav Lee
  • Tittel: Rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 930 34 370

Lokasjon

  • Skogsvåg

Søknadsfrist

April 30, 2025