Vik kommune har i underkant av 2700 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod. Tenestemålet er nynorsk. Vik kommune er ein stor arbeidsplass med om lag 320 tilsette fordelt på ca 257 årsverk og eit brutto driftsbudsjett på 220 mill.kr.
Sjukepleiarstillingar i pleie- og omsorg
Me har ledig
- 2 x 100% faste stillingar som sjukepleiar i heimesjukepleien.
- 1 x 100% fast stilling som sjukepleiar ved Vik Bygde- og sjukeheim.
- 1 x 100% fast stilling som sjukepeiar i avdeling for psykisk helse.
Kvalifikasjonskrav
Offentleg godkjenning som sjukepleiar, eller anna relevant helsefagleg høgskuleutdanning.
Stilling som sjukepleiar i avd. for psykisk helse: Krav om vidareutdanning innan psykisk helsearbeid.
Krav om førarkort kl. B.
Personlege eigenskapar
- Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- Lønn etter kommunalt avtaleverk.
- Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Den som vert tilsett må levera politiattest og helseattest av ny dato.
Andre opplysningar
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 57 69 82 00.
Søknadsfrist 02.08.20
Vår ref509
Merk søknad
Fakta
Selskap Vik kommune
Stilling Sykepleier
Stillingstype Fast
Lokasjon Helse og pleie/omsorg
Kontakter
Marit Johanne Andersen, Kommunalsjef helse og velferd
marit.johanne.andersen@vik.kommune.no
Mobil 906 86 227