Sjukepleiar 100 % vikariat ved VHT – Korttid og heimesjukepleia
Korttid og heimesjukepleia har frå 1. februar 2024 ledig 1 års vikariat for sjukepleiar.
Vang kommune har gode lønsvilkår for sjukepleiarar (10 års ansiennitet i tillegg til yrkesansiennitet)
- Søknadsfrist: 21.11.2023
- Arbeidsgivar: Vang Kommune
- Stad: VANG I VALDRES
- Stillingstittel: Sjukepleiar 100 % vikariat ved VHT – Korttid og heimesjukepleia
- Stillingar: 1
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Tilsetjingsform: Engasjement
- Stillingsprosent: 100
- Webcruiter-ID: 4708749113
- Startdato: 01.12.2023
Arbeidsoppgåver
- Utøve sjukepleie i tråd med gjeldande krav og lovverk
- Planlegge arbeidet i området og fordele arbeidsoppgåver i tråd med den einskilde medarbeidar si kompetanse
- Praktisk bistand og rettleiing til brukarar
- Planlegge, igangsette og tilpasse tenestar ut i frå den einskilde brukers behov
- Bidra til positivt samarbeid med pårørande
- Dokumentere i fagsystemet Profil, journalansvar for pasientar i gitt område
- Utføre naudsynt sakshandsaming og kartlegging av søknader til tenestar innan fagområde og legge dette fram for vedtaksmyndighet
- Halde seg oppdatert innan eige fagområde, og delta i fagleg utviklingsarbeid
- Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
- Bidra til samarbeid på tvers av einingar i etaten
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring frå kommunal pleie- og omsorgsteneste
- Solid fagkunnskap i sjukepleie
- Relevant vidareutdanning er eit føremonn, men ikkje eit krav
- Gode ferdigheter innan IKT og bruk av elektronisk pasientjournal
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Ha evne til å gje omsorg og tryggleik
- Vera fleksibel og ha tilpassingsevne
- Vera motivert, engasjert og strukturert
- Ha interesse for eldreomsorg og ønske om å bidra i fagutvikling
- Ha gode evner til samarbeid
- Sjølvstendig og ha evne til å ta ansvar, til å ta initiativ og til å sette seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver
- Evne til å sjå, tenkje og arbeide heilskapleg
Vi tilbyr
- Eit godt og spanande fagmiljø med varierte arbeidsoppgåver
- Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø saman med dyktige kollegaer
- Opplæring og rettleiing
- Me tek atterhald om at faste tilsette med rettar etter HTA § 2.3 har førerett til utviding av stilling. Ved
- intern tilsetjing blir eventelle andre ledige stillingar å tilby søkjarane.
- Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
- Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala med gode lønsvilkår for sjukepleiarar, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar.
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell-loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding
Tyinvegen 5150, 2975 VANG I VALDRES, Norge
Kontaktinformasjon
Guro Løken Helle
Avdelingsleiar heimesjukepleia
Telefon:468 63 679
E-post:guro. loken.helle@vang.kommune.no
Unni Sandsengen
Avdelingsleiar korttid
Telefon:468 63 679
E-post:unni.sandsengen@vang.kommune.no
Stine Solemsli
Leiar Vangsheimen og heimetenesta
Telefon:908 96 012
E-post:stine.solemsli@vang.kommune.no
«Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.
Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.