Vikariat som sjukepleiar/vernepleiar i buffellesskap
Ledig 100 % vikariat som sjukepleiar/vernepleier ved Skottabakken bufellesskap. Skottabakken bufellesskap ligg sentralt i Samnanger, 40 min. køyring frå Bergen sentrum. Turnusarbeid med kvar 6. helg pga langvakter.
I 2019 flytta bebuarane inn i nytt bufellesskap på Skottabakken, og eit nytt senter for funksjonshemma vart dermed opna i Samnanger. Tiltaket er tilrettelagt for bebuargruppa, noko som blir gjenspegla i utforminga av bygning og uteområde.
Me søkjer etter ein engasjert og dyktige medarbeidar som likar å jobbe tett på menneskjer, har stort engasjement og kan stå i ein hektisk, men spennande kvardag. Me ynskjer deg som vil vera med på å utvikla faget og tilbodet og skapa eit miljø for utvikling og rettleiing.
Er du glad i friluftsliv og fysisk aktivitet? Bidreg du til eit godt miljø for dei rundt deg? Er du nytenkjande og løysingsorientert? Då ønsker me at du søker!
Om du i tillegg er mann, vil me oppmoda deg særskilt om å søkja.
Arbeidsoppgåver
Pleie og miljøterapi
Primærkontaktansvar
Utarbeiding av prosedyrer
Medansvarleg for dokumentasjon og medikamenthandtering
Ansvar for å gje hjelp ut i frå brukaren sitt vedtak og til avtalt kvalitet
Ansvar for gjennomføring av tiltak jf. HOL. kap. 9
Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrer blir følgd
Fokus på fagutvikling
Miljøarbeid, turar, aktivitet
Vera pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluere tiltak
Veiledning og opplæring av medarbeidarar og studentar
Bidra til godt samarbeid med brukarar og pårørande
Bidra til godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
Krav
Autorisert vernepleiar/sjukepleiar og gjerne med erfaring frå miljøarbeid
Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
Søkjarar må ha førarkort klasse B
Den som vert tilsett, må leggja fram godkjent politiattest, jf. krav i helse- og omsorgstenestelova p.5-4.
Ønskjer
Positivt med vidareutdanning innan psykisk helse
Kompetanse eller erfaring med utviklingshemma/psykiatri
Personlege eigenskapar blir vektlagt
Personlege eigenskapar
Sjølvstendig og strukturert
Godt humør
Løysingsorientert og endringsvillig
Fleksibel og lojal
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Motiverande og engasjerande medarbeidar
Me tilbyr
Arbeid kvar 6. helg
Årsturnus
Arbeid i team med gode kollega
Utfordrande og varierte oppgåver
Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
Lønn, offentleg pensjon og arbeidsmilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Fleksible arbeidstidsordningar
Gode velferdsordningar
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Spørsmål om stillinga
Janne Drevsjø, Einingsleiar
410 11 119
janne.iren.drevsjo@samnanger.kommune.no
Søknadsfrist 5. januar 2024
Arbeidsgivar Samnanger kommune
Kommune Samnanger
Omfang Heiltid
Varigheit Vikariat/mellombels
Arbeidsstad Reistadliane 17, 5652 Årland
Besøk www.samnanger.kommune.no
Om oss
Skottabakken stod ny i 2020 og ligg i gangavstand til Bjørkheim senter.
Skottabakken består av 10 leilegheitar, samt ein avlastarleilegheit. Bufellesskapet har bebuarar med utviklingshemming, ulike funksjonsnedsettingar med behov for pleie og omsorg, og tilrettelagt bu- eller aktivitetstilbod.
På Skottabakken er det lagt stor vekt på at brukarane får eit godt butilbod, aktivitet og eit godt helsetilbod. Tilsette er genuint opptatt av å skapa tryggleik og trivsel og jobbar tett med bebuarane si eiga meistring. Ei stabil faggruppe med høg kompetanse.
Samnanger kommune – helse og omsorg
I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.
Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Pleie og omsorg, helse, barnevern, NAV, PPT og flyktningetenesta er knytta til sektoren. Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenester tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv.