Sjukepleiar / vernepleiar – tilbod om signeringsstipend på kr. 75 000 i 100% stilling mot bindingstid på 1 år
Sjukepleiar/ vernepleiar 2- delt turnus og fast turnus på natt
Helse- og omsorgsetaten i Askvoll har ledig 6 stillingar i todelt turnus og 1 stilling på natt for sjukepleiar/ vernepleiar i heimeteneste og sjukeheim.
Er du sjukepleiar/vernepleiar og vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen? Då er Askvoll kommune staden for deg. I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet.
Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, derfor treng vi fagpersonar med god kompetanse og som ser behova i heilskap. Sjukepleiar/ vernepleiar vil ha eit tett samarbeid med andre yrkesgrupper innanfor helsesektoren lokalt, og med spesialisthelsetenesta for å sikre ein heilskapleg tilnærming og oppfølging.
Heimetenesta yter teneste i heile Askvoll kommune. Sjukeheimen har plass til 47 bebuarar fordelt på 3 grupper: Kårstova har 17 plassar for personar med koginitiv svikt/ demenssjukdom. Smia/ Fløyen har 23 plassar fordelt på kortidsplassar, langtidsplassar og omsorgsleilegheiter med døgnbaserte teneste. Heimetenestene og sjukeheimen har eit tett og godt samarbeid.
Deltidstillingar kan utvidast til 100% stilling der den resterande stillingsprosenten inngår i ein vikarpool.
Stillingar:
Heimetenesta:
1 fast 100% stilling i 2-delt turnus frå snarast
1 fast 70% stilling på natt frå snarast
1 vikariat 70% stilling i 2- delt turnus frå snarast til 23.10.23
1 vikariat 100% stilling i 2-delt tunus frå 15. mai til 20.01.24
Smia/Fløyen:
1 fast 70% stilling
Kårstova:
1 fast 70% stilling i 2-delt tunus frå 01.03.23
1 fast 17% helgestilling i 2-delt tunus frå snarast
Arbeidsoppgåver:
Utøve direkte sjukepleie til pasientar og brukarar med utgangspunkt i “kva er viktig for deg?”
Medverke til at sjukepleiefaglege oppgåver blir utført i samsvar med gjeldande krav til kvalitet
Tilrettelegge for å nytte velferdsteknologiske løysingar
Dokumentere og rapportere i samsvar med gjeldande retningsliner og prosedyrar
Ha sjukpleiefagleg ansvar i gruppa og deltar i sjukepleiefagleg bakvaktsordning ved behov
Delta i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid både internt i kommunen og eksternt
Medverke til god informasjonsflyt
Pliktar å halde seg oppdatert innanfor sitt eige fagfelt og delta i aktuelle møter og opplæringstiltak
Rettleie pasientar/pårørande og andre tilsette, studentar/ elevar
Medverke til eit godt samarbeidsmiljø
Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverkty, og naudsynt opplæring vil bli gjeve
Arbeid i to-delt turnus og kvar 3. helg, etter 35,5 t/veke
Kvalifikasjonar:
Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Den som blir tilsett må ha førarkort
Det er krav om framlagd politiattest før oppstart
Personlege eigenskapar:
Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
Like utfordringar og er løysingsorientert
Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo
Vi tilbyr:
Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
Avtale om signeringsstipend på kr. 75 000, mot eit års bindingstid for sjukepleiararar og vernepleiarar
Sjukepleiarar og vernepleiarar får eiit lokalt tillegg på kr. 20 000 over garantiløn etter gjeldande tariff
Pensjonsordning i KLP
Flyttegodtgjersle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Skift/turnus
Søknadsfrist: 30.04.2023
Tiltreding: Snarast
Kontaktpersonar:
Erik Ole Opsahl
tlf: +47 57734507
Lillian Vårdal
tlf: +47 57724508
Sara Osland
tlf: +47 57734507
mob: +47 90607962
Heimeside:
www.askvoll.kommune.no
Adresse: Askvollheimen 6980 Askvoll