Sone Eivindvik – Gulen sjukeheim

Sjukepleiar/vernepleiar, 2×100% fast stilling

 

Om stillingane:

Gulen kommune har ledig 2 x 100% faste stillingar som sjukepleiar/vernepleiar frå snarast/etter avtale, for tida ved Sone Eivindvik – Gulen sjukeheim.

  • 100% fast stilling med arbeid kvar 3. helg
  • 100% fast stilling med arbeid kvar 3. helg, langvakter kvar 4. helg kan vurderast

Me tilbyr:

  • Løn over tariff for arbeid i turnus
  • Bonus på 100 000,- ved binding i to år (ratevis utbetaling)
  • Ekstra helgekompensasjon
  • Godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Om Sone Eivindvik – Gulen sjukeheim

Sone Eivindvik – Gulen sjukeheim er ei av tolv einingar i kommunen. Eininga yter pleie- og omsorgstenester til heimebuande personar i Eivindvik- krinsen, samt til personane på sjukeheimen, som ligg i Eivindvik. Stillingane vil i fyrste omgang vere knytt til sjukeheimen, men det kan vere aktuelt med oppgåver både i heimetenesta og på sjukeheimen ved behov.

Arbeidsoppgåver

Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
Medikamentadministrasjon
Andre sjukepleiefaglege oppgåver
Andre oppgåver som måtte kome til
Avløysar for avdelingssjukepleiar
Arbeidsoppgåvene vil verte tilpassa om det er ein sjukepleiar eller vernepleiar som får tilbod om stillingane

Kvalifikasjonar

Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
Førarkort klasse B
God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Gyldig politiattest

Personlege eigenskapar

Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, påførande og kollegaer
Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna

Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest. Det er også krav om negativ MRSA/TBC før oppstart for arbeid ved arbeid i institusjon.
Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Om oss

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.

Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.

 

Søk på stillingen her.

 

Søknadsfrist 27. oktober 2024

Arbeidsgivar Gulen kommune

Kommune Gulen

Omfang Heiltid (2 stillingar)

Varigheit Fast

Arbeidsstad Eivindvikvegen 1149, 5966 Eivindvik

 

Spørsmål om stillinga

Nina Haveland, Einingsleiar Sone Eivindvik – Gulen sjukeheim

458 71 550

[email protected]

 

Del stillingen

Selskap

Gulen kommune

Kontaktinfo

  • Nina Haveland
  • Tittel: Einingsleiar Gulen sjukeheim - Sone Eivindvik
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: 458 71 550

Lokasjon

  • Eivindvik

Søknadsfrist

Oktober 27, 2024