Header Ulstein sommar

 

Sjukepleiar

 

Helse- og omsorgsetaten, Eining 3 Alvehaugen bu og rehabilitering – korttid

Bufellesskapet (HI-fløya) på Alvehaugen har ledig to 100 prosents sjukepleiestillingar. Vi ser etter sjukepleiarar som ønsker å jobbe på ei variert og fagleg spennande avdeling.

Stilling 1: 100 prosents fast stilling for sjukepleiar. Stillinga er 65 prosent på HI-fløya og 35 prosent i ressursbanken. Stillinga er ledig per dags dato.

Stilling 2: 100 prosents stilling for sjukepleiar i eit svangerskapsvikariat frå mars-24 på HI- fløya. Stillinga kan gjerast fast med base i ressursbanken.

HI-fløya er to bufellesskap på Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter med 10 og 11 heildøgnsbemanna omsorgsbustader. Vi har fellesareal, personalbase og ein del fellesfunksjonar med sjukeheimen.

Avdelinga har 6 sjukepleiarar i turnus, og du vil jobbe i team med både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, lærling og assistentar.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 18.01.2024
Arbeidsgivar: Helse- og omsorgsetaten
Stad: ULSTEINVIK
Stillingstittel: Sjukepleiar
Stillingar: 2
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4748339867

Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar vil du ha varierte faglege utfordringar og arbeidsoppgåver knytt til ulike pasientgrupper og diagnosar. Brukargruppa er i hovudsak eldre som treng heildøgns pleie og omsorg. Tenesta er organisert med primærkontaktar og vi legg vekt på å ha eit godt og nært samarbeid med brukar og pårørande. Vi jobbar tverrfagleg og i samarbeid med andre einingar i sektoren.

Kvalifikasjonar

  • autorisasjon som sjukepleiar
  • god skriftleg og muntleg norskkunnskap
  • krav om tilfredsstillande politiattest

Personlege eigenskapar

  • Du likar å jobbe med eldre
  • Du likar å jobbe med heile mennesket og er roleg og trygg i utfordrande situasjonar
  • Du er positiv og engasjert i jobben, og er med på å skape trivsel på arbeidsplassen
  • Du kan jobbe sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
  • Du er fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • turnus med moglegheit for langvakter 4. kvar helg (frivillig med langvakter)
  • regulerte lønns- og avtalevilkår
  • eit godt tverrfagleg miljø med mange dyktige kollegaer
  • eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
  • aktiv bruk av moderne velferdsteknologi
  • ein variert og utfordrande jobb med mange spennande arbeidsoppgåver
  • gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • moglegheit for kompetanseheving og kursing
  • god opplæring til deg som er ny

 

Søk på stillingen her.

 

Adresse: Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter, 6065 ULSTEINVIK, Norge

Kontaktinformasjon

Gunn Sætre, Einingsleiar 3
Telefon:  +47 982 30 617

 

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.

Del stillingen

Selskap

Ulstein kommune

Kontaktinfo

  • Gunn Sætre
  • Tittel: Einingsleiar 3
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon: +47 982 30 617

Lokasjon

  • Ulsteinvik

Søknadsfrist

Januar 18, 2024