Sjukepleiar / paramedic – Ål legekontor og Hallingdal legevaktsentral

 

 

Vil du jobbe i ei teneste som gir deg varierte oppgåver innan legevaktmedisin, saman med eit kompetent og aktivt miljø?

 Då kan du vere den me ser etter!

Me er eit spennande medisinsk knutepunkt, samlokalisert med sjukeheimen, heimetenesta, Hallingdal sjukestugu, ambulansetenesta, og base for Norsk luftambulanse. Den lange avstanden til sjukehus gjer at me handterer alt får enkle infeksjonar til alvorlege akutte situasjonar. 

Legetenesta i Ål kommune søkjer no etter fleire engasjerte og dyktige sjukepleiarar til avdelinga vår. Ved avdeling legetenester er det ledig:

  • 100 % fast stilling som sjukepleiar / paramedic.
  • Inntil 100 % vikariat i 1 år med høve til forlenging.

Stillingane er fordelt mellom Ål Legekontor og Hallingdal Legevaktsentral og inngår 3- delt turnus. Det er mogeleg å kome med ynskje om grad av fordeling mellom desse funksjonane. Vi utformar arbeidsplanar etter prinsippet om forhandling blant tilsette. Dette gir moglegheit for individuell tilpassing og komprimerte arbeidsperiodar. Stillingstorleik frå 60% kan avtalast ved tilsetjing. 

 

Ledige stillingar:

  • 100 % fast stilling som sjukepleiar / paramedic
  • Inntil 100 % vikariat i 1 år, med høve for forlenging

 Stillingane er fordelte mellom Ål Legekontor og Hallingdal Legevaktsentral, og inngår i ein tredelt turnus. Vi tilpassar arbeidsplanar etter behov og ønskje, og tilbyr fleksible løysingar. 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Svare på førespurnader og vurdere hastegrad frå innbyggjarar og gjester i Ål kommune og i Hallingdal 
  • Samhandle med lege for å sikre trygge pasientforløp
  • Arbeid på laboratorie og skadestue 
  • gje relevant råd og rettleiing til pasientar
  • Hjelpe legane med oppfylging av pasientar med kroniske lidingar 
  • Medikamenthandtering
  • Bidra til å gjere relevante driftoppgåver ved legetenesta
  • Vaktsentral: Koordinering av nødnett med telefonteneste; råd, rettleiing og triagering til innringjarar med akutt sjukdom og skadetilstander. 
  • Tverrfaglig akuttmedisinsk samhandling i og mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. 

  

Kvalifikasjonar

  • bachelor i sjukepleie eller paramedic med norsk autorisasjon
  • gjerne vidareutdanning eller interesse innan relevante fagområde som akuttmedisin, avansert klinisk allmennsjukepleie (AKS), sårbehandling  m.v.
  • 2 års relevant arbeidserfaring
  • god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, minimum C1 nivå
  • erfaring frå arbeid ved legekontor og/eller legevakt blir tillagt vekt
  • beherske digitale arbeidsverktøy
  • sertifikat kl B

 

Personlege eigenskapar

  • du må kunne jobbe sjølvstendig, vere løysningsorientert, samt evne å ta raske avgjersler
  • du bør takle eit høgt arbeidstempo og periodevis eit høgt stressnivå
  • du må vere samarbeidsvillig, fleksibel og takle omstilling

 

Me tilbyr

  • kalenderplan og forhandlingsturnus, der det kan bli lagt til rette for langvakter og komprimert turnus
  • fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver, der få dagar er like
  • høgt fagleg nivå og god fagdekking
  • internundervisning og fagleg påfyll
  • arbeidsmiljø prega av humør og arbeidsglede
  • meiningsfullt arbeid med engasjerte kollegaer og godt arbeidsmiljø

 

Lønsvilkår

Lønn etter gjeldande tariffavtale og gode pensjonsordningar. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala. Gunstige lokale tillegg for kompetanse og ansiennitet.

 

Utdanning, opplæring og kurs

Ål kommune legg til rette for relevant vidareutdanning og vidareutdanning for personleg vekst med gode stødnadsordningar: Det er godt organisert internopplæring og kurs. Gjennom Halllinghelse blir det lagt til rette for mellom anna mobil ferdigheitstrening og regionale fagkurs. 

 

Bu og jobbe i Ål

Ål er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!

Her er bu- og levekostnadene rimelegare enn i dei store byane, noko som gjer at du kan bruke pengane på å realisere draumane dine; anten det er å vere meir ute, reise eller skape noko sjølv. I Ål ynskjer vi å legge til rette for at nytilflytta kjenner seg sett, møtt og inkludert. Flytt til Ål! .

 

Send søknad og politiattest

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål knytta til stillinga. 

Velkomen som søkjar.

Velkomen som søkjar.

 

 

Søk her

 

 

Fylke: Buskerud
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Skift/turnus
Søknadsfrist: 11.05.2025

 

Kontaktpersonar:

Gry Katrine Kirkeluten
tlf: 48022060
mob: 48022060

 

Heimeside:

www.aal.kommune.no

 

Adresse:

Helsetunvegen 17 3570 Ål

 

Ål kommune Ål legekontor

Me kan tilby eit solid fagmiljø ved Ål Legekontor, som er samlokalisert med Hallingdal sjukestugu, prehospitale tenester med luftambulanse og Ål helsesenter. Det er nye lokalar som er godt tilrettelagt for legepraksis, med eige laboratorie-/undersøkingsrom. Kontoret er velutstyrt med bla digitalt røntgen, ultralyd og legevaktsbil med akuttmedisinsk utstyr. Det er eigne lokalar for legevakt, og det er turnus mellom fastlegane om vakt på daglegevakt.
Det er i dag legevaktsamarbeid med nabokommunane Hemsedal og Hol, samt felles nattlegevakt for Hallingdal med base på Ål, og med Ål som driftsansvarleg kommune.

Helse- og omsorgsektoren i Ål har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling. Vi har fleire spanande utviklingsprosjekt i gang både lokalt og regionalt, og eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar.

Del stillingen

Selskap

Ål kommune

Kontaktinfo

  • Gry Katrine Kirkeluten
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: 480 22 060 mob: 480 22 060

Lokasjon

  • Ål

Søknadsfrist

Mai 11, 2025