Fleire 100 %  faste stillingar  som sjukepleiar på institusjon

Hos oss går ein i årsturnus der ein kan velje å gå langvakter 12 helger i året eller tradisjonelle vakter med 16 vakter per år. Årsturnus gjev meir fleksibilitet og gjer det lettare å tilpasse den enkelte sin livsfase. Ekstra helger i årsturnus blir kompensert.

Arbeidsoppgåver: 

  • Omsorg til menneske i deira eigen heim på institusjon eller i eiga bustad
  • Bidra til å styrke bebuarane sine eigne ressursar for å ivareta eige liv og helse (kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi)
  • Planlegge sjølvstendig og ta raske avgjersler.
  • Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere bebuars heilskaplege tilstand
  • Samarbeid med pårørande
  • Samarbeid med kollegaer, fastlege, ergo/fysio, sjukeheim, spesialisthelsetenesta m.m.
  • Fast tid for sjukepleiaroppgåver og fagutvikling på stillingane på institusjon

Kompetanse:

  • Krav om autorisasjon som sjukepleiar
  • Fordel med relevant vidarerutdanning, men ingen krav
  • Krav om å beherske vanleg IKT verktøy (vi nytter PROFIL som dokumentasjonsprogram)
  • Krav om gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg, med krav om bestått norskprøve B2 for framandspråklege søkjarar. 

Personlege eigenskapar:

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Fokus på fagutvikling og refleksjon
  • Fleksibel og endringsviljug
  • Viser omsorg for andre
  • Vera eit godt forbilde for medarbeidarar, bebuarar og pårørande
  • Punktleg og strukturert
  • Godt humør
  • Å vera personleg egna til jobben vert vektlagt

Vi tilbyr:

  • God opplæring
  • Eit godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling
  • Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Ein av Noregs finaste kommunar  som arbeidsstad
  • Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
  • Behjelpelege med å skaffe bustad

Tokke kommune har lokal lønnsstige som ligg kr 8 700 – kr 13 700 over sentral tariff (ut frå ansiennitet). Tokke kommune har rekrutteringstillegg for sjukepleiarar i institusjon som jobbar på dag/kveld-turnus,  på kr 36 000,- pr. år i 100% stilling.

Nærare opplysningar om stillingane får de ved å kontakte avdelingsleiar på institusjon Ragna Iren Grave, tlf: 35 07 55 82.

 

Sakshandsamar til tildelingskontoret 50 % stilling vikariat i perioden 01.06.22 – 30.06.23

Hovedoppgaver:

  • Sakshandsaming av søknader om tjenester fra og revurderinger av vedtak til mennesker med behov for helse og omsorgstenestar. Handsaming av klager inngår i sakshandsamaroppgavene
  • Stillingen rapporterer direkte til kommunalsjef for helse og omsorg.

Kvalifikasjoner:

  • helsefageleg utdanning med minimun  treårig høgskule, eller anna relevant utdanning.
  • Oppfølging av fagsystem PROFIL
  • Sakshandsamarerfaring og god kjennskap til helse og omsorgslovgivningen
  • Evne til å tenke kreativt – bidra til å finne nye løysingar på morgondagens helse- og omsorgstjenester i Tokke kommune
  • Gode kommunikasjonsferdigheter og god skriftlig framstillingsevne
  • Strukturert, omgjengelig, fleksibel og serviceinnstilt
  • Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team, og trives med variasjonen mellom å jobbe med praktiske oppgaver, utfordrende oppgaver og administrative oppgaver
  • Evne til å håndtere utfordringar og bidra i definisjonen av nødvendig helsehjelp
  • God evne til å ta i bruk nye IKT-verktøy, samt behersker bruk av vanlig IKT- programvare
  • Personlig egnethet vil bli vektlagt

Nærare opplysningar om stillinga får de ved å kontakte kommunalsjef Ann Wraa, tlf. 35 07 52 00 / 97 02 14 22.

 

For alle stillingane gjeld:

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett må leggje fram politiattest før ein kan ta til i jobben. Denne må ikkje vere eldre enn 3 månadar. I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lovar,reglar og avtaler.

Søknad vert å sende på elektronisk skjema som du finn her