Medarbeidar Vang legekontor – Inntil 60 % fast stilling
Er du vår nye kollega ved Vang legekontor? Ein av våre trufaste medarbeidarar sluttar, og me vil gjerne ha DEG som søkjar!
Me har inntil 60 % stilling ledig (du kan sjølv velje stillingsprosent frå 40-60 %). Arbeidsdagar pt er mandag, tirsdag og eventuelt onsdag.
Vang legekontor har tre fastlegar og tre medarbeidarar. Legekontoret ligg i kommunesenteret Vang, og er samlokalisert med psykisk helseteneste, helsestasjon, frisklivssentral, ergo- og fysioterapi, samt kommunepsykolog. Legekontoret har i tillegg til fastlegeteneste, legevakt på dagtid, kommuneoverlegefunksjon og andre kommunale legetenester.
Søknadsfrist: 11.09.2024
Arbeidsgivar: Vang Kommune
Stad: VANG I VALDRES
Stillingstittel :Medarbeidar Vang legekontor – Inntil 60 % stilling
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 60
Webcruiter-ID: 4838724205
Startdato: 01.10.2024
Arbeidsoppgåver
- Som medarbeidar på legekontoret har du varierte arbeidsoppgåver. Medarbeidarane vekslar mellom sentralbord, laboratorietenestar, skadestove og andre støttefunksjonar for legane.
- vurdere hastegrad når pasientane kontaktar legekontoret
- pasientretta aktivitet: EKG, spirometri, blodprøver, stell av sår og liknande
- yte praktisk hjelp til legane ved behov
- administrere timebøker
- kontorarbeid knytt til verksemda
- oppgåver knytt til helsetenester i mottak / flyktningehelse kan bli lagt til stillinga
- tilsette vil få tildelt ansvarsområder knytt til drift av legekontoret
Kvalifikasjonar
Me søkjer etter deg som:
- er sjukepleiar eller har annan relevant helsefagleg utdanning kombinert med relevant erfaring
- har relevant erfaring frå kommunehelseteneste, legekontor, legevakt, akuttmedisin
- har god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
- kunnskap om bruk av relevante datasystem og evne til å opparbeide god dataforståing
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som er:
- lærevillig
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- er strukturert og endringsvillig
- gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga blir vektlagt
Godkjend politiattest skal leverast ved tilsetjing
Vi tilbyr
- Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus.
- Nye utfordringar kvar dag og gode kollegaer som gjerne hjelper deg.
- Løn etter tariff, og arbeidsvillkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetjing på ordinære villkår som til eikvar tid gjeld i kommunal sektor
Tyinvegen 5150, 2975 VANG I VALDRES, Norge
Kontaktinformasjon
Mari Kaspersen
Leiar legekontoret
95245019
E-post:[email protected]
Vang kommune som arbeidsgjevar:
- Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
- Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
Å bu i Vang kommune:
- Ei storstilt satsing på barn og unge!
- Ein kombinert barne – og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
- Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
- Helse og omsorgstenester av god kvalitet
- Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
- Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
- I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
- Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
- I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
- Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha «vestlandsfjell med austlandsklima«, og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
- I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
- Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres. Kontakt gjerne Innovangsjon direkte om du tenker på å flytte til Vang!
- Meir info om arbeids – og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres
Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.