Myrull ved Tyin (1) - mindre versjon kjøpt av OA feb24

Medarbeidar Vang legekontor – Inntil 60 % fast stilling

 

 

Er du vår nye kollega ved Vang legekontor? Ein av våre trufaste medarbeidarar sluttar, og me vil gjerne ha DEG som søkjar!

Me har inntil 60 % stilling ledig (du kan sjølv velje stillingsprosent frå 40-60 %). Arbeidsdagar pt er mandag, tirsdag og eventuelt onsdag.

Vang legekontor har tre fastlegar og tre medarbeidarar. Legekontoret ligg i kommunesenteret Vang, og er samlokalisert med psykisk helseteneste, helsestasjon, frisklivssentral, ergo- og fysioterapi, samt kommunepsykolog. Legekontoret har i tillegg til fastlegeteneste, legevakt på dagtid, kommuneoverlegefunksjon og andre kommunale legetenester.

 

Søknadsfrist: 11.09.2024
Arbeidsgivar: Vang Kommune
Stad: VANG I VALDRES
Stillingstittel :Medarbeidar Vang legekontor – Inntil 60 % stilling
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 60
Webcruiter-ID: 4838724205
Startdato: 01.10.2024

 

Arbeidsoppgåver

  • Som medarbeidar på legekontoret har du varierte arbeidsoppgåver. Medarbeidarane vekslar mellom sentralbord, laboratorietenestar, skadestove og andre støttefunksjonar for legane.
  • vurdere hastegrad når pasientane kontaktar legekontoret
  • pasientretta aktivitet: EKG, spirometri, blodprøver, stell av sår og liknande
  • yte praktisk hjelp til legane ved behov
  • administrere timebøker
  • kontorarbeid knytt til verksemda
  • oppgåver knytt til helsetenester i mottak / flyktningehelse kan bli lagt til stillinga
  • tilsette vil få tildelt ansvarsområder knytt til drift av legekontoret

 

Kvalifikasjonar

Me søkjer etter deg som:

  • er sjukepleiar eller har annan relevant helsefagleg utdanning kombinert med relevant erfaring
  • har relevant erfaring frå kommunehelseteneste, legekontor, legevakt, akuttmedisin
  • har god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
  • kunnskap om bruk av relevante datasystem og evne til å opparbeide god dataforståing

 

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som er:

  • lærevillig
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • er strukturert og endringsvillig
  • gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga blir vektlagt

Godkjend politiattest skal leverast ved tilsetjing

 

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus.
  • Nye utfordringar kvar dag og gode kollegaer som gjerne hjelper deg.
  • Løn etter tariff, og arbeidsvillkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilsetjing på ordinære villkår som til eikvar tid gjeld i kommunal sektor

 

Tyinvegen 5150, 2975 VANG I VALDRES, Norge

 

 

Søk her

 

 

Kontaktinformasjon

Mari Kaspersen
Leiar legekontoret
95245019
E-post:[email protected]

 

Vang kommune som arbeidsgjevar: 

  • Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
  • Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!

 

Å bu i Vang kommune: 

  • Ei storstilt satsing på barn og unge!
  • Ein kombinert barne – og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
  • Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
  • Helse og omsorgstenester av god kvalitet
  • Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
  • Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
  • I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
  • Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete,  med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
  • I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
  • Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg!  Vang blir sagt å ha «vestlandsfjell med austlandsklima«, og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
  • I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
  • Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres. Kontakt gjerne Innovangsjon direkte om du tenker på å flytte til Vang!
  • Meir info om arbeids – og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres

 

 

Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. 

Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.

Del stillingen

Selskap

Vang kommune i Valdres

Kontaktinfo

Lokasjon

  • Vang I Valdres

Søknadsfrist

September 11, 2024