Avdelingsleiar i bustad

 

Leirdalen og Askebærhaugen, Habiliteringstenesta

Om stillinga

Habiliteringstenesta har ledig 100 % stilling som administrativ avdelingsleiar med oppstart medio september.

Habiliteringstenesta i Bømlo kommune gjev tilbod til personar med utviklingshemming som har behov for omfattande og langvarige tenester. Me har for tida 128 årsverk som yt heildøgnstenester til personar i 9 burettslag, samt dagtilbod.

Burettslaga Askebærhaugen og Leirdalen har ei stabil og fagleg engasjert personalgruppe og yt heildøgnstenester for tilsaman 8 bebuarar.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 17.07.2023
Arbeidsgivar: Bømlo kommune
Stad: Bremnes
Stillingstittel: Avdelingsleiar i bustad
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4681908890

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for å yta tenester etter gjeldande lovverk.
  • Utarbeide, setje i verk og evaluere tiltak og prosedyrar kring enkeltbrukarar og fagleg rettleiing av medarbeidarar med fokus på målretta miljøarbeid.
  • Yta praktisk bistand og rettleiing i daglege gjeremål, samt legge til rette for miljø som gjev høve til god livskvalitet og personleg vekst hjå den einskilde brukar
  • Personalansvar og aktiv oppfølging av kommunen sin arbeidsgjevar-, løns- og personalpolitikk
  • Sikre systematisk internkontroll
  • Utarbeide arbeidsplanar
  • Legge til rette for godt samarbeid med pårørande, medarbeidarar, brukarar og studentar gjennom dialog og rettleiing
  • Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser.
  • Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.

Kvalifikasjonar

  • 3-årig helse- og sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på bachelornivå
  • God norskkunnskap, både skriftleg og munnleg.
  • I tillegg er det ein fordel dersom du har:
  • Erfaring med personar med utviklingshemming og målretta miljøarbeidLeiarutdanning og/eller leiarerfaring
  • Kunnskap/erfaring med å utarbeide og følge opp turnusplanar
  • Sertifikat kl. B.

Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.

Personlege eigenskapar

  • Me søkjer deg som er imøtekommande, venleg og serviceinnstilt
  • Du er lojal, målretta og ansvarsfull
  • Du er strukturert og fleksibel
  • Du har evne til å motivere, rettleie og skape engasjement
  • Du er sjølvstendig, men arbeider også godt i team
  • Du innehar god relasjonskompetanse, og er i tillegg strategisk og analytisk

Me tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben

Anna informasjon:

Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søkje stilling uavhengig av bakgrunn. For denne stillinga oppmodar me spesielt menn til å søkja.
Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Etter helse og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav til godkjend politiattest før tiltreding i stillinga.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.

Dersom du har spørsmål om stillinga eller rekrutteringsprosessen, kan du ta kontakt med avdelingsleiar Line Skrede Habbestad.

 

Søk på stillinga her.

 

Adresse: Kyrkjevegen 1, 5430 Bremnes, Norge

Kontaktinformasjon

Line Skrede Habbestad, Avdelingsleiar
Telefon:  948 10 927
E-post:  line.skrede.habbestad@bomlo.kommune.no

 

Berekraftige Bømlo er vår visjon!

Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.

Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.

Raus – hos oss er det takhøgde, det er lov å prøva og feila. Me er lyttande, møter menneske med respekt, er inkluderande i vår omgang med andre og i utøving av arbeidet vårt. Me byggjer relasjonar og ser på mangfald som ein ressurs
Modig – me vågar å tenkje utanfor boksen, me er kreative, prøver, ser moglegheiter, me er handlekraftige, står for det me gjer, tek nye utfordingar, toler endring, ser at omstilling er nødvendig og er opptatt av utvikling som betrar tenestene.
Engasjert – driftige medarbeidarar som er opptekne av jobben sin, av å yte gode tenester og utvikle seg og sine kollegaer for å yte sitt beste. Dette får ein til igjennom samarbeid internt og samskaping eksternt.

Pensjon

I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.

 

Del stillingen

Selskap

Bømlo kommune

Kontaktinfo

  • Line Skrede Habbestad
  • Tittel: Avdelingsleiar
  • E-Post: line.skrede.habbestad@bomlo.kommune.no
  • Mobil/Tlf: Telefon: 948 10 927

Lokasjon

  • Bømlo

Søknadsfrist

Juli 17, 2023