Fjaler kommune Helse og omsorg

 

Sjukepleiar i 80 % nattevaktstilling

 

 

Vi har ledig ei 80 % fast nattevaktstilling som sjukepleiar i Fjaler Kommune. I denne stillinga vil du jobbe i team saman med to kollegaer i heimetenesta og sjukeheim. Det er ynskjeleg at ein vekslar på å jobbe inne på institusjon og ute i heimetenesta.

Vi har årsturnus på 52 veker med arbeid kvar 3. helg. Arbeidstida er frå klokka 22.00 – 07.15.

Våre tenester vert tilpassa for å møte framtidas behov, og vi har mange spanande oppgåver. Det er oppretta ressursgrupper på tvers av einingane i kommunen innan ulike tema som lindrande behandling – kreft, velferdsteknologi og demens. Dette for å få ytterlegare kompetanse innan dei ulike fagfelta.

 

Arbeidsoppgåver:

  • utføre heilhetlig omsorg og pleie.
  • kartlegge, vurdere og igangsetje målretta sjukepleietiltak.
  • tverrfagleg samarbeid for å sikre god pasientbehandling
  • medikamenthandtering
  • handtering av tryggleiksalarmar
  • terminalpleie i heim og på institusjon
  • ansvarsvakt på natt
  • sikre at det vert utført fagleg forsvarleg tenesteyting til den einskilde brukar
  • medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og til eit godt samarbeid med dei andre einingane
  • jobbe kunnskapsbasert
  • bidra til auka fagleg utvikling

 

Kvalifikasjonar:

  • autorisasjon som sjukepleiar
  • sjukepleiarstudentar som er ferdig innan Juni 2026  kan og søke på stillinga.
  • førarkort klasse B
  • god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding

 

Personlege eigenskapar

  • gode samarbeidsevner
  • sjølvstendig
  • god på kommunikasjon
  • evne til å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
  • engasjement for eldreomsorg

Det blir vektlagt om ein er personleg egna for stillinga

 

Vi tilbyr:

  • fadderordning og introduksjonsprogram for nytilsette
  • løn etter utdanning og erfaring
  • 35 000,- alltid på topp tillegg
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • etterutdanning innan satsingsområde
  • godt arbeidsmiljø

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

 

Søk her

 

 

Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Deltid
Arbeidstid: Natt
Søknadsfrist: 24.09.2025
Tiltreding: 23.02.2026
Arbeidsstad: Fjaler

 

Kontaktpersonar:

Evy Solheim – leiar Fjaler sjukeheim
tlf: +47 57738147

Janne Øksenberg – leiar heimetenestene
tlf: +47 57738154

 

Heimeside:

www.fjaler.kommune.no

 

Adresse:

Dalstunet 20 6963 Dale i Sunnfjord

 

Fjaler kommune Helse og omsorg

Fjaler kommune har om lag 2900 innbyggarar og utgjer ein del av HAFS-regionen med eit samla folketal på om lag 10500.

Vi har mange varierte og godt organiserte fritidstilbod innan kultur og idrett, samt gode skular og sørvistilbod.

UWC og Dalsåsen kunstnarsenter har i mange år tilført Fjaler kommune internasjonale impulsar. Det har gjort fjalerfolk trygge på å ta godt i mot nye innbyggarar i eit ope samfunn omgitt av fjord, fjell og vakker natur.

Del stillingen

Selskap

Fjaler kommune

Kontaktinfo

  • Evy Solheim
  • Tittel: Leiar Fjaler sjukeheim
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 577 38 147
  • Janne Øksenberg
  • Tittel: Leiar heimetenestene
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 577 38 154

Lokasjon

  • Dale I Sunnfjord

Søknadsfrist

September 24, 2025