Avdelingsleiar i bufellesskap – Tilrettelagte tenester
Vang Kommune, Tilrettelagte tenester
Om stillinga
Vi har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar ved ein av våre basar i Tilrettelagte tenester, med oppstart etter avtale.
Stillinga som avdelingsleiar er delt mellom administrativ tid og brukarretta arbeid i turnus ved Base Nord, bufellesskap Grindatun. Det ligg òg ansvar for nokre andre tenester inn under basen.
Avdelingsleiar er ein del av avdelingsleiargruppa i Tilrettelagte tenester.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist: 28.11.2023
Arbeidsgivar: Vang Kommune
Stad: Vang i Valdres
Stillingstittel: Avdelingsleiar i bufellesskap, Tilrettelagte tenester
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4727736134
Arbeidsoppgåver
Utøve personalleiing og – administrasjon – pt. ca 50 % administrativ stilling
Brukerretta arbeid i turnus, med arbeid kvar 3 helg.
Utøve fagleg, administrativ og økonomisk leiing
Utøve målretta miljøarbeid
Kvalifikasjonar
Autorisert vernepleiar eller anna relevant 3-årig helse- og/eller sosialfagleg utdanning
Utdanning og/eller erfaring innan administrasjon og leiing er ynskjeleg
Teoretisk og praktisk kunnskap om ulike faglege tilnærmingar og metodar
Mestre målarbeid og evaluering
Gjerne erfaring frå budsjett og økonomisk arbeid
Gode ferdigheter innan IKT, bruk av elektronisk pasientjournal, elektronisk personaladministrasjon og arbeid med turnus
Gode norskkunnskapar og god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Førarkort kl. B og disponera bil
Personlege eigenskapar
Gode samarbeidsferdigheiter
Evne å arbeide sjølvstendig
Fleksibel, løysingsorientert og positiv
Stabil, god ordenssans og sjølvinnsikt
Personleg eignaheit vert vektlagt
Gyldig politiattest skal leverast ved oppstart
Vi tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø med godt fagleg fokus og tett samarbeid med både kollegaer og tilsette, samt eit godt samarbeid med tenestemottakarar og føresette/verger
Løn etter avtale og etter kommuen sitt løns -og stillingsregulativ
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor
Kommunen kan vere behjelpeleg med bustad
Adresse: Tyinvegen 5150, 2975 Vang i Valdres, Norge
Kontaktinformasjon
Elisabeth Hålien, Leiar Tilrettelagte tenester
Telefon: 990 90 013
E-post: Elisabeth.Halien@vang.kommune.no
Om arbeidsgivaren
«Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.
Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.