Alver kommune

 

Avdelingsleiar – 100 % – Såtabu og Servicesenter

 

 

Om Såtabu og Servicesenter

Sjukeheimstenesta opnar ny avdeling som vil vera lokalisert sentralt i Knarvik. Såtabu og Servicesenter er ei avdeling som vil vera tilrettelagd for personar med demenssjukdom med behov for døgnkontinuerleg tilsyn.

Det vil vera 12 enkeltrom og 15 årsverk knyt til avdelinga. Tilsettgruppa vil bestå av Sjukepleiare, Helsefagarbeidare og Pleieassistenter. Me planlegg for oppstart november/ desember 2024. Avdelinga vil også tilby opphald på forsterka skjerma eining ved behov.

Er du klar for ei unik moglegheit som leiar til å forma og byggja ei avdeling frå grunnen av? Som avdelingsleiar på Såtabu og Servicesenter vil du leia eit team av erfarne medarbeidarar. Dette er di sjanse til å setje ditt preg på avdelinga og skapa eit sterkt, samansveisa team.

 

Arbeidsoppgåver

Er du ein god rollemodell som kan bidra til å skape eit trygt og engasjerande arbeidsmiljø? Som leiar vil du ha heilskapleg ansvar for drift av avdeling, under dette ansvar for personal, HMS, fag og økonomi.

 

Dine hovudoppgåver vil vere:

  • Sikre eit høgt fagleg nivå på tenestetilbodet.
  • Organisere og utarbeide årlege turnusar.
  • Følgje opp dei vedtekne økonomiske rammene til avdelinga.
  • Planlegge og gjennomføre fagleg utviklingsarbeid saman med personalet.
  • Systematisk følgje opp avvik og sikre implementering av forbetringsarbeid blant dei tilsette.
  • Sikre godt samarbeid med pårørande.

Vidare vil du arbeide systematisk med lokale arbeidsmiljøgrupper for å sikre et godt partssamarbeid mellom leiar, verneteneste og tillitsvalde, godt arbeidsmiljø og gode tenester. Du vil følge opp verksemdsplaner og delta aktivt i utviklingsprosessar.

 

Personlege eigenskapar

Vi søker ein engasjert og omsorgsfull leiar som brenn for trygg og god eldreomsorg. Du er ein inspirerande rollemodell som motiverer teamet ditt og fremjer dialog og samarbeid. Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og er ein trygg relasjonsbyggar. Som person er du løysingsorientert og du trivst i ein travel og tidvis uforutsigbar arbeidskvardag.

Du er ansvarsmedviten, stabil og lojal, med eit heilskapleg perspektiv på avdelinga og verksemda. Du deler og formidlar kunnskap på ein trygg og god måte, og har evna til å arbeide både sjølvstendig og i team. Ditt faglege engasjement og målretta arbeidsmetode bidreg til eit inkluderande , positivt og raust arbeidsmiljø.

 

Kompetansekrav

  • Offentlig godkjent sjukepleiar
  • Utenlandske søkjare må ha bestått B2 test
  • Erfaring fra arbeid i kommunehelsetenesta

I tillegg ønskjer vi at du har:

  • Leiarerfaring
  • Erfaring frå arbeid med turnus
  • God økonomiforståing

 

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Pensjonsordning i KLP
  • Ein spanande jobb i nyoppstarta avdeling
  • Ei leiargruppe som samarbeider, støtter og utfordrer kvarandre

 

Sjukeheimstenesta i Alver Kommune

Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 178 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.

I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta.

 

Spørsmål om stillinga

 

Søk stillinga

 

Søknadsfrist: 24. september 2024
Arbeidsgivar: Alver kommune
Kommune: Alver
Omfang: Heiltid
Varigheit: Fast
Arbeidsstad: Kvassnesvegen 14, 5914 Isdalstø

Del stillingen

Selskap

Alver kommune

Kontaktinfo

  • Christina Løtveit Fosse
  • Tittel: Tenesteleder
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: 40910884

Lokasjon

  • Isdalstø
  • Manger

Søknadsfrist

September 24, 2024