Naustdal heimeteneste har ledig stilling som
Assisterande einingsleiar
Er du god til å motivere, engasjere, skape fellesskapskjensle, og likar du samstundes å ta ansvar? Då kan dette være stillinga for deg!
Naustdal heimeteneste har for tida lokale ved Naustdal omsorgssenter og yt tenester blant anna innan heimesjukepleie, heimehjelp, kvardagsrehabilitering , tiltakspakke demens og velferdsteknologi til heimebuande pasientar. Tenesta har i tillegg ansvar og yt tenester i 15 omsorgsbustader knytt til basen.
Heimetenesta har for tida stort fokus på implementering av ulike teknologiske hjelpemiddel i heimane. Vi er ein del av Ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunane. Vidare har vi fleire tiltak innan demensomsorg.
Målet vårt er å vere ei levande teneste med eit framtidsretta fokus der vi saman skal yte gode heimetenester til innbyggarane i Naustdal.
Vi ønsker å finne ein dyktig assisterande einingsleiar som vil vere med på å utvikle vidare Naustdal heimeteneste!
Eininga har 22 årsverk fordelt på 35 tilsette. Assisterande einingsleiar vil arbeide tett saman med einingsleiar og vil samtidig få mykje sjølvstendig ansvar. Arbeid er dagtid mandag – fredag.
Krav til søkar:
- sjukepleiar
- leiarerfaring
- beherskar godt norsk munnleg og skriftleg
- har gode datakunnskapar
Det er ein fordel om du har:
- erfaring med ressursstyringssytem for tilsette (RS)
- erfaring med journalsystem (CosDoc)
- leiarutdanning eller relevant leiarerfaring innan omsorg
- erfaring/kjennskap med utarbeiding av turnus og regelverk knytt til dette
- relevante vidareutdanningar innan helse- og omsorg
- interesse for teknologiske hjelpemiddel
Arbeidsoppgåver:
- leie den daglege drifta i eininga i samarbeid med einingsleiar
- fordele arbeidsruter og oppgåver til dei tilsette
- ansvar og kjennskap til teknologiske hjelpemiddel
- ansvar for innleige av personale ut i frå bemanningsplan
- medansvar for faglege vurderingar og rettleiing av personalet
- samhandling med tenestemottakarar og pårørande
- samarbeid med interne og eksterne aktørar. Vi samarbeider tett med tildelingseininga i kommunen
- delta i møter med aktuelle samarbeidspartar
- delta i økonomistyringa for eininga i samarbeid med einingsleiar
- Stillinga vil ha varierande arbeidsoppgåver med omlag 60% assisterande einingsleiar og 40% ute i pasientretta arbeid.
Vi søker deg som:
- er ein pådrivar og lagspelar for eit godt arbeidsmiljø
- trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team
- har stor arbeidskapasitet
- har gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling
- er lojal og flink til å motivere
Naustdal heimeteneste sin Assisterande einingsleiar:
- er strukturert og effektiv
- har engasjement for arbeidet
- er endringsvilleg, løysingsorientert og fleksibel
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi kan tilby:
- engasjerte medarbeidarar som vil utvikle Naustdal heimeteneste vidare
- eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø
- leiar som er nær
- varierte arbeidsdagar
- gode pensjons- og forsikringsordning
- samarbeid med Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester (USHT)
- Politiattest må leverast før start i stilling.
Du søker elektronisk, og søknaden må innehalde referansar.
Ta gjerne kontakt for ein uformell prat.
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Referansenr: 23/121
Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 30.01.2023
Tiltreding: 01.04.2023
Arbeidsstad: Naustdal
Kontaktpersonar:
Mona Kidøy Svalheim
mob: +47 90537710
Heimeside:
www:sunnfjord.kommune.no
Sunnfjord kommune Skei Omsorgssenter
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.