Ål kommune

 

Helsesjukepleiar / sjukepleiar – 100 % midlertidig stilling Familiens hus

 

 

Er du løysingsfokusert og ynskjer å vera med å bygge laget rundt bornet og deira familie og nettverk?

Er du ein relasjonsbyggar og har barnets beste i fokus?

Ynskjer du spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver i eit entusiastisk og solid fagmiljø?

Då ynskjer vi deg velkommen til vårt team!

Me har ledig 100% midlertidig stilling som helsesjukepleiar frå d.d til 31.12.26, med moglegheit for forlenging.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Helsefremjande og førebyggande oppgåver for tenesta i samsvar med lokale og nasjonale retningsliner og rutiner
  • Delta i tverrfaglege team i tett samarbeid med oppvekstsektoren og andre tenester
  • Skulehelseteneste i grunnskule og vidaregåande skule
  • Helseteamarbeid tilknytt akuttmottak av flyktningar
  • Vaksinering
  • Andre aktuelle oppgåver i Familien hus ut frå kvalifikasjonar og behov

 

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning som helsesjukepleiar
  • Sjukepleiar som er i utdanning til helsesjukepleiar eller som har planar om dette, oppfordrast til å søke
  • Interesse for oppfølging av barn og familiar.
  • God munnleg og skrifteleg framstillingsevne, minimum B2-nivå
  • Den som blir tilsett  må ha førarkort kl. B og må disponere bil.

 

Me ynskjer at du:

  • er dyktig og engasjert i helsefremmande og førebyggande arbeid for born, unge og deira familiar
  • er ein god relasjonsbyggjar
  • god på kommunikasjon og rettleiing
  • har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • er positiv og løysingsorientert
  • har evne til nytenking

Personlege eigenskapar vert vektlagt

 

Me tilbyr:

  • interessante arbeidsoppgåver knytt til familiar, barn og unge
  • eit godt etablert tverrfagleg miljø og gode system for samarbeid med andre
  • godt arbeidsmiljø med erfarne, trygge og kunnskapsrike kollegaer
  • internundervisning, fagleg utvikling og rettleiing
  • lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk
  • pensjonsordning i KLP

Me har eit godt arbeidsmiljø der det er plass til både fagleg fordjuping, humor i kvardagen og eit godt fellesskap. Me har faste fagmøter, veiledning og arbeider tverrfagleg både innad i avdelinga og med samarbeidspartar. Vi er ei nytenkjande teneste i utvikling. Dette gjer arbeidskvardagen variert og spennande. Vi ser etter deg som brenn for born og unge. Me har eit mål om at det skal vera godt å vekse opp i Ål. 

l kommune legg til rette for relevant vidareutdanning, og det er godt organisert internopplæring og kurs. Gjennom Hallinghelse blir det lagt til rette for mellom anna mobilt ferdigheitstrening og regionale fagkurs.

Ål og Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv.

 

Politiattest og søknad

  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.

Ta gjerne kontakt med oss.

Velkommen som søkjar!

 

 

Søk her

 

 

Fylke: Buskerud
Jobbtype: Engasjement
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 30.11.2025

 

Kontaktpersonar:

Ingeborg Kaslegard Frydenlund
mob: 908 65 602

 

Heimeside:

www.aal.kommune.no

 

Adresse:

Sundrevegen 95 3570 Ål

 

Ål kommune

Familiens hus gir tenester til barn, ungdom og familiar. Familiens hus består av tenester i Helsestasjonen,jordmorteneste, Psykisk helse born og unge, Undomslos, FACT Ung- koordnator, logoped og PPT. Familiens hus arbeider tverrfagleg for å fremje trivsel og god fysisk og psykisk helse hjå born, unge og deira familiar, samt styrke born og unge sine oppvekstsvilkår. Me har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling.

Alle i tenesta jobbar i team. Me har høgt fagleg nivå og har eit tett og godt samarbeid med skulane og barnehagane og dei andre sektorane. Me er i ein spanande utviklingsprosess med mål om å vere ei teneste i tråd med anbefalingar i Meld. St & – Tett på- tidleg innsats og inkluderande fellesskap i barnehage og skule. Kvar einaste dag gjer våre medarbeidarar i barnehage og skule ein stor innsats for å hjelpe våre barn til å nå sine drøymar og mål. Familiens hus er ein viktig del av laget rundt barnet og eleven.

Familiens hus er samlokalisert med Hallingdal barnevern sentralt i Ål.

Del stillingen

Selskap

Ål kommune

Kontaktinfo

  • Ingeborg Kaslegard Frydenlund
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 908 65 602

Lokasjon

  • Ål

Søknadsfrist

November 30, 2025