Utsikt mot Haus

 

 

Ringevikar til Korttidsavdelinga

 

 

Om stillinga

  • Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på to avdelingar, med tre-fire grupper i kvar avdeling. Kvar gruppe har 9-10 pasientar. Me har eige kjøkken og eigen lege og nært samarbeid med fysioterapiavdelinga som er i samme bygg. 

     

  • Korttidsavdelinga har no behov for ringevikarar både vekedagar og helg

 

Arbeidsoppgåver

  • Heilskapeleg omsorg og pleie 
  • Bistand og rettleiing ut frå pasienten sine behov 
  • Målretta miljøarbeid. 
  • Deltaking i den dalgelege drifta på avdelinga

 

Kvalifikasjonskrav

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar er ein fordel. 
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Krav til gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader om du får tilbod om stilling.

 

Vi tilbyr

  • Ein spannande og gjevande arbeidsplass
  • God opplæring
  • Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
  • Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjertevarme 
  • Moglegheit for fagleg utvikling og evt fast stilling
  • Mogleigheit for lange vakter, 14 t.
  • Mogleigheit for el-bil lading mot betaling
  • Lønn etter tariffavtale 

 

Spørsmål om stillinga

  • Høyres dette ut som noko for deg ? Ta kontakt med avdelingsleiar Siv Katring Eidhammer for meir informasjon
 

Om oss

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.  

 

Spørsmål om stillinga

Siv Katrin Eidhammer
Avdelingsleiar
+47 932 89 401
siv.katrin.eidhammer@osteroy.kommune.no

 

 

Søk stillinga

Del stillingen

Selskap

Osterøy kommune

Kontaktinfo

  • Siv Katrin Eidhammer
  • Tittel: Avdelingsleiar
  • E-Post: siv.katrin.eidhammer@osteroy.kommune.no
  • Mobil/Tlf: +47 932 89 401

Lokasjon

  • Valestrandsfossen

Søknadsfrist

Desember 31, 2026