Ål kommune Familiens hus

 

Helsesjukepleiar / Sjukepleiar

 

 

Er du løysingsfokusert og ynskjer å vera med å bygge laget rundt bornet og deira familie og nettverk?
Er du ein relasjonsbyggar og har barnets beste i fokus?
Ynskjer du spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver i eit entusiastisk og solid fagmiljø?

Då ynskjer vi deg velkommen til vårt team!

Me har ledig 100% fast stilling som helsesjukepleiar frå september 2025. 

Me i Familiens Hus, har eit godt arbeidsmiljø der det er plass til både fagleg fordjuping, humor i kvardagen og eit godt fellesskap. Me har faste fagmøter, veiledning og arbeider tverrfagleg både innad i avdelinga og med samarbeidspartar. Vi er ei nytenkjande teneste i utvikling. Dette gjer arbeidskvardagen variert og spennande. Vi ser etter deg som brenn for born og unge. Me har eit mål om at det skal vera godt å vekse opp i Ål. 

 

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som helsesjukepleiar.
  • Sjukepleiar som er i utdanning til helsesjukepleiar eller som har planar om dette, oppfordrast til å søke.
  • Interesse for oppfølging av barn og familiar.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Den som blir tilsett  må ha førarkort kl. B og må disponere bil.

 

Arbeidsoppgåver

  • Helsefremjande og førebyggande oppgåver for tenesta i samsvar med lokale og nasjonale retningsliner og rutiner.
  • Delta i tverrfaglege team i tett samarbeid med oppvekstsektoren og andre tenester.
  • Skulehelseteneste i grunnskule og vidaregåande skule.
  • Vaksinering.
  • Andre aktuelle oppgåver i Familien hus ut frå kvalifikasjonar og behov.

 

Personlege eigenskapar

Me ynskjer at du:

  • Er dyktig og engasjert i helsefremmande og førebyggande arbeid for born, unge og deira familiar.
  • Er ein god relasjonsbyggjar.
  • God på kommunikasjon og rettleiing.
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
  • Er positiv og løysingsorientert.
  • Har evne til nytenking.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

 

Me tilbyr

  • Interessante arbeidsoppgåver knytt til familiar, barn og unge
  • Eit godt etablert tverrfagleg miljø og gode system for samarbeid med andre
  • Godt arbeidsmiljø med erfarne, trygge og kunnskapsrike kollegaer
  • Internundervisning, fagleg utvikling og rettleiing
  • Lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk
  • Pensjonsordning i KLP

 

Søknad og politiattest

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

 

Velkomen som søkjar!

 

 

Søk her

 

 

Fylke: Buskerud
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 10.08.2025
Tiltreding: 01.09.2025
Arbeidsstad: Ål

 

Kontaktpersonar:

Ingeborg Kaslegard Frydenlund
mob: 908 65 602

 

Heimeside:

www.aal.kommune.no

 

Adresse:

Sundrevegen 95 3570 Ål

 

Ål kommune Familiens hus

Familiens hus gir tenester til barn, ungdom og familiar. Familiens hus består av tenester i Helsestasjonen,jordmorteneste, Psykisk helse born og unge, Undomslos, FACT Ung- koordnator, logoped og PPT. Familiens hus arbeider tverrfagleg for å fremje trivsel og god fysisk og psykisk helse hjå born, unge og deira familiar, samt styrke born og unge sine oppvekstsvilkår. Me har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling.

Alle i tenesta jobbar i team. Me har høgt fagleg nivå og har eit tett og godt samarbeid med skulane og barnehagane og dei andre sektorane. Me er i ein spanande utviklingsprosess med mål om å vere ei teneste i tråd med anbefalingar i Meld. St & – Tett på- tidleg innsats og inkluderande fellesskap i barnehage og skule. Kvar einaste dag gjer våre medarbeidarar i barnehage og skule ein stor innsats for å hjelpe våre barn til å nå sine drøymar og mål. Familiens hus er ein viktig del av laget rundt barnet og eleven.

Familiens hus er samlokalisert med Hallingdal barnevern sentralt i Ål.

Del stillingen

Selskap

Ål kommune

Kontaktinfo

  • Ingeborg Kaslegard Frydenlund
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 908 65 602

Lokasjon

  • Ål

Søknadsfrist

August 10, 2025