Avdeling Meistring

 

100 % fast stilling som psykiatrisk sjukepleiar med fagansvar i psykisk helse og rus, avdeling Meistring

 

 

Me søkjer ein fagleg ansvarleg for psykisk helse og rus for vaksne, som vil bidra til å vidareutvikle ei kompetent, tilgjengeleg og førebyggjande teneste med fokus på gode lågterskel meistringstilbod.

 Avdeling Meistring er ei tverrfagleg avdeling som gir tilbod innan fysio- og ergoterapi, Frisklivssentralen, psykisk helse og rus og dagsenter. Dette er lågterskeltenester det brukar sjølv kan ta kontakt for hjelp. Avdelinga gir eit variert tenestetilbod avhengig av kva den enkelte treng. Dette kan omfatte råd og rettleiing, kurs, behandling, praktisk hjelp, ambulant oppfølging, omsorgsbustad og ulike aktivitetstilbod. Mange vert tilvist i frå lege eller andre samarbeidspartar og me har godt etablert samarbeid med spesialisthelsetenesta. Me er ei verksemd i utvikling som ynskjer at våre innbyggjarar skal ha ei dør inn til våre tenester der me er på lag med brukaren om målretta tenester som hjelper den enkelte til å meistre kvardagen.  

 Stillingsprosenten er 100 %, der 40 % vil vere fagleg ansvarleg og 60 % vil vere oppfølging av tenestemottakarar.

 

Arbeidsoppgåver/ansvarsområde:

  • Sikre at tenesta psykisk helse og rus er ei fagleg kompetent teneste som arbeider i tråd med lovverk og nasjonale retningsliner.
  • Arbeide førebyggande og leggje vekt på ei praktisk tilnærming der verdiar, prinsipp og attendemelding frå innbyggjarane er rettesnora for utviklinga av tenesta, «Kva er viktig for deg?».
  • Initiere og leie fagleg utviklingsarbeid i tenesta psykisk helse og rus.
  • Vere ein pådrivar for gode samarbeidsrutinar med aktuelle samarbeidspartar som til dømes fastlegar, Nav og DPS.
  • Sikre heilskapleg og tverrfagleg samhandling og oppfølging av brukarar med psykiske og rusrelaterte utfordringar.
  • Rettleie og støtte dei tilsette i tenesta i krevjande saker og systemarbeid.
  • Ha god kjennskap til relevant lovverk.
  • Følgje opp nytilsette.
  • Ha ansvar for turnus i samarbeid med leiar.
  • Sikre ivaretaking av brukarane sine ressursar og bidra til meistring og god livskvalitet.
  • Følgje opp medisinsk og miljøterapeutisk behandling
  • Følgje opp dagtilbod og bufellesskap for målgruppa

 

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid og /eller rus
  • Førarkort klasse B
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Framandspråklege må dokumentera bestått B2
  • Erfaring med utviklings- og endringsarbeid

 

 Personlege eigenskapar:

  • Profesjonell, fleksibel, løysingsorientert
  • Positiv og engasjert
  • Strukturert og tydeleg
  • Evnar å sjå samanhengar og utvikle langsiktige planar
  • Har stor arbeidskapasitet og engasjement for faget og for brukargruppa
  • Har god relasjonskompetanse og samarbeidsevne

Det blir lagt stor vekt på personleg eignaheit for stillinga.

 

 Me tilbyr:

  • Godt arbeidsmiljø med erfarne, trygge og kunnskapsrike kollegaer. 
  • Arbeidsplan/turnus med lite ubekvem arbeidstid.  
  • Eit godt etablert tverrfagleg miljø og gode system for samarbeid med andre.  
  • Internundervisning, fagleg utvikling og rettleiing.  
  • Lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk. 
  • Pensjonsordning i KLP.  
  • Rabattert pris på treningssenter.
  • Fadder for nytilfløtte, velkomsttreff og personleg oppfølging av deg som ny i Ål. Meir informasjon finn du her.

 

Send søknad

Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden. 

Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.

Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. 

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga

 

 

Søk her

 

 

Fylke: Buskerud
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 11.05.2025
Arbeidsstad: Avdeling Meistring

 

Kontaktpersonar:

Live Magnetun
mob: +47 97198159

 

Heimeside:

ww.aal.kommune.no

 

Adresse:

Helsetunvegen 5 3570 Ål

 

Avdeling Meistring

Avdeling Meistring er ei nyoppretta tverrfagleg avdeling som gir tilbod innan fysioterapi, psykisk helse og rus, dagsenter, Friskliv og lågterskelteneste, der brukar sjølv kan ta kontakt for hjelp. Avdelinga gir ei variert tenestetilbod avhengig av kva den enkelte treng. Dette kan omfatte råd og rettleiing, kurs, behandling, praktisk hjelp, ambulant oppfølging, omsorgsbustad og ulike aktivitetstilbod. Mange vert tilvist frå lege eller andre samarbeidspartar og vi har godt etablert samarbeid med spesialisttenesta. Me er ei verksemd i utvikling og som ønskjer at våre innbyggjarar skal ha ei dør inn til våre tenester der me er på lag med brukaren om målretta tenester som hjelper den enkelte til å meistre kvardagen.

Del stillingen

Selskap

Ål kommune

Kontaktinfo

  • Live Magnetun
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 97198159

Lokasjon

  • Ål

Søknadsfrist

Mai 11, 2025