Fjaler kommune Yksnebjør barnehage

 

Pedagogisk leiar i 100 % fast stilling til nyopna avdeling i Yksnebjør barnehage og pedagogisk leiar til vikariat

 

 

Yksnebjør barnehage har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar til nyopna småbarnsavdeling. Oppstart i denne stillinga er snarast. I tillegg har vi ledig 100 % vikariat for pedagogisk leiar i perioden 01. februar 2026 til 31.12.2026.

Som vår nye kollega blir du ein del av eit positivt arbeidsmiljø og vil få vere med å bidra til ein kjekk og variert kvardag, med ansvar og leik. Yksenbjør barnehage ligg høgt og flott til med eit allsidig uteområde. Vi har flott utsyn over Dalsfjorden og har nærleik til sjø, skogsområde, bibliotek og sentrum.

Vi ønskjer oss søkjarar som er gode på å bygge relasjonar til barn og deira føresette og som går inn i stillinga med engasjement og initiativ. Høyrest dette ut som deg? I så fall gler vi oss til å få søknaden i frå deg. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om stillinga eller vil høyre meir om korleis det er å jobbe i Yksnebjør barnehage.

Arbeidsoppgåver

Som pedagogisk leiar vil du ha arbeidsoppgåver der du brukar din faglege, pedagogiske og etiske kompetanse for å skape ei ramme der barn kjenner seg som ein del av eit fellesskap; ei ramme der barn får utvikle seg og oppleve meistring. Du vil ha ansvar for å rettleie medarbeidarane på avdelinga di og sjå til at barnehagelova og rammeplan vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet på avdelinga.

Kvalifikasjonar

  • Vi ynskjer at du har utdanning som barnehagelærar.
  • Annan treårig godkjent pedagogisk utdanning på høgskulenivå er også velkomen til å søkje.
  • Gode norskkunnskapar – både skriftleg og munnleg.
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjent politiattest.

Om deg

  • Du har eit godt samspel med barn og vaksne.
  • Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse.
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Du har evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør.

Vi tilbyr

  • eit godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
  • løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • ein variert og kjekk kvardag

 

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg.Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

 

 

Søk her

 

 

Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 02.11.2025
Tiltreding: Snarast
Arbeidsstad: Dale i Sunnfjord

 

Kontaktpersonar:

Kjell Stien
Stilling: Kommunalsjef oppvekst
tlf: +47 57738060
mob: +47 90184680

Turid Straume
Stilling: Styrar i Yksnebjør barnehage
tlf: +47 57738066

 

Heimeside:

www.fjaler.kommune.no

 

Adresse:

Yksnebjørvegen 19-21 6963 Dale i Sunnfjord

 

Fjaler kommune Yksnebjør barnehage

Yksnebjør barnehage ligg flott til i utkanten av Dale sentrum med eit allsidig uteområde. Vi har utsyn over Dalsfjorden og nærleik til sjø, skogsområde, bibliotek, helsetun og skular.
Barnehagen har 53 barn og 17 tilsette fordelt på 4 – 5 avdelingar. Vi held til i to bygg, der det eine er eit nybygg som vart opna hausten 2016. Det blir lagt vekt på å vere mykje ute og nytte nærområdet flittig. Små og store er glade i å gå tur og nyttar dei ulike årstidene i kvardagen.
BRAVO-metoden vert nytta som arbeidsverktøy til språkarbeidet i barnehagen. Målet er å skape god språkkompetanse gjennom tidleg innsats ved å oppleve meistring og gi rom for undring saman med andre.
Barnehagen har fokus på eit inkluderande barnehagemiljø. Det blir jobba aktivt med gode relasjonar og eit godt utviklingsmiljø for alle.

Del stillingen

Selskap

Fjaler kommune

Kontaktinfo

  • Kjell Stien
  • Tittel: Kommunalsjef oppvekst
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 577 38 060 mob: +47 901 84 680
  • Turid Straume
  • Tittel: Styrar i Yksnebjør barnehage
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 577 38 066

Lokasjon

  • Dale I Sunnfjord

Søknadsfrist

November 2, 2025