Pedagog/kyrkjelydsarbeidar

 

Trivst du med å vere der det skjer – tett på born, ungdom og frivillige?

Brenn du for å møte born og unge der dei er, byggje relasjonar, motivere frivillige og skape undervisning som set spor? Då treng vi deg med på laget.

Volda kyrkjelege fellesråd søkjer ein pedagog/kyrkjelydsarbeidar i 60% stilling. Du vert ein viktig del av undervisningsteamet vårt, saman med kateket og ein kollega i deltidsstilling.

PEDAGOG / KYRKJELYDSARBEIDAR – 60%

 

Søknadsfrist: 03.05.2026
Arbeidsgivar: Volda kyrkjelege fellesråd
Stad: VOLDA
Stillingstittel: Pedagog/kyrkjelydsarbeidar
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 60
Webcruiter-ID: 5105755067

 

Om stillinga

Saman med resten av undervisningsteamet skal du vere med på å drive og vidareutvikle Kyrkjeleg undervisning og læring (KUL) i Volda fellesrådsområde. Stillinga gjev varierte arbeidsdagar med både planlegging, gjennomføring og relasjonsbygging.

 

Arbeidsoppgåvene inkluderer:

  • Planlegge og gjennomføre undervisningsarbeid saman med tilsette og frivillige
  • Ta del i konfirmantarbeidet
  • Rekruttere og følgje opp frivillige medarbeidarar og leiarar
  • Samarbeid mellom kyrkje, skule og barnehage
  • Delta i møta i utvalet for Kyrkjeleg undervisning og læring

 

Vi søkjer deg som

  • Har relevant høgare utdanning med vekt på kristendom/teologi og pedagogikk (kyrkjelydspedagog føretrekt, men vi vurderer også anna relevant bakgrunn)
  • Har erfaring frå og interesse for arbeid med born og ungdom
  • Kjenner kyrkjeleg frivillig arbeid frå innsida
  • Skapar gode relasjonar og trivst i samarbeid
  • Arbeider sjølvstendig og målretta, sjølv når mange bjøller ringer på ein gong
  • Kommuniserer godt både skriftleg og munnleg

 

Dette tilbyr vi deg

  • Ein arbeidskvardag der du gjer ein reell forskjell for born og unge i Volda
  • Godt og varmt stabsfellesskap i moderne lokale like ved Volda kyrkje
  • Fleksibel arbeidskvardag
  • Gode ferie- og avspaseringsordningar som er lett å tilpasse skuleferiar
  • Løn etter avtaleverket i kyrkjeleg sektor og pensjonsordning i KLP

 

Volda – ein god stad å vere

Volda ligg vakkert til i søre Sunnmøre med fjordar, dalar og fjell rett utanfor døra. Her bur om lag 11 000 innbyggjarar, og kommunesenteret er kjend som ein livleg skulestad med vidaregåande skule og høgskule med 4500 studentar. Gode kommunikasjonar med både buss og fly gjer det enkelt å kome seg rundt.

 

Praktisk informasjon

Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja, ha førarkort og disponere bil. Ein må rekne med noko arbeid på kveldstid og i helger. Politiattest må liggje føre før tilsetting. Tilsettinga skjer i samsvar med Kvalifikasjonskrav og tenesteordning for kateketar, gjeldande lovverk og tariffavtale for kyrkjeleg sektor. Det er utarbeidd stillingsomtale for stillinga – ta kontakt om du vil ha ho tilsendt. Vi nyttar intervju som del av vurderinga.

Søknad med CV, vitnemål/attester og referansar sendast elektronisk via www.kirkejobb.no innan 3.mai 2026.

 

Har du spørsmål?

Ring eller skriv – vi tek gjerne ein uformell prat!

Kyrkjeverje Jostein Stråbø, tlf. 916 63 549 / JS478@kyrkja.no

Kateket Martine Hjertvik Urke, tlf. 908 97 340 / MU894@kirken.no

www.volda.kyrkja.no

 

Rådhusgata 6a, 6100 VOLDA, Norge

 

 

Søk her

 

 

Kontaktinformasjon

Jostein Stråbø
Kyrkjeverje
 Telefon:+47 91663549

Martine Hjertvik Urke
Katetet(kyrkjelydspedagog)
 Telefon:90897340

 

VOLDA KOMMUNE

Volda kommune ligg i søre delen av Sunnmøre. Naturen er vakker, skiftande med fjordar, dalar og fjell, som gjev rikeleg høve til friluftsliv og rekreasjon heile året. Folketalet var 10960 ved årsskiftet og 8130 eller 74% av desse er medlem av Den norske kyrkja.

Volda er kjend som skulestad. Her er vidaregåande skule med mange ulike liner, både allmenn- og yrkesretta, og høgskule med til 4500 studentar. Høgskulen og Fylkessjukehuset er store arbeidsplassar i kommunen. Arbeidsplassane er elles knytte til jordbruk, industri, service og handel. Volda har gode kommunikasjonar i alle retningar både med buss og fly.

Kommunen har seks sokn, Volda (5752), Hornindal (992),Dalsfjord (583), Kilsfjord (440), Austefjord (265) og Storfjorden (98), med kvar si kyrkje. Vi har tre sokneprestar, kyrkjeverje, kateket, to trusopplæringsmedarbeidarar (60% + 10%) og to sekretærar (100 % + 60%) med heile kommunen som tenesteområdet. Volda sokn har kantor og kyrkjetenar i heile stillingar og ein ungdomsarbeidar/diakoniarbeidar i 60%. Dei andre sokna har kyrkjetenar- og organiststillingar tilpassa talet på gudstenester og kyrkjelege handlingar.

Del stillingen

Selskap

Volda kyrkjelege fellesråd

Kontaktinfo

  • Jostein Strabø
  • Tittel: Kyrkjeverje
  • E-Post: JS478@kirken.no
  • Mobil/Tlf: Telefon: 916 63 549
  • Martine Hjertvik Urke
  • Tittel: Katetet (kyrkjelydspedagog)
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 908 97 340

Lokasjon

  • Volda

Søknadsfrist

Mai 3, 2026