
KYRKJELYDSPEDAGOG – BARNE- OG UNGDOMSARBEIDAR – vikariat
Vindafjord kyrkjelege fellesråd
Kleivavegen 2, 5574 Skjold, Hjemmekontor ikke mulig
Stillingstittel KYRKJELYDSPEDAGOG – BARNE- OG UNGDOMSARBEIDAR – vikariat
Type ansettelse Vikariat, deltid 40%
Arbeidsspråk Norsk
Antall stillinger 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 16. april
Vindafjord kommune er ein aktiv og vital kommune med knapt 9000 innb. Her er gode butilhøve, vakker natur, aktivt kulturliv og mykje frivillig arbeid i kyrkjelydane og elles. Kommunen har frå før kateket i 80 % stilling og kyrkjelydspedagogar i 45 % + 50 % stilling, og dessutan tre sokneprestar, kyrkjeverje, kantor og fleire deltidsstillingar som kyrkjetenarar mm.
Det er gjort eit godt grunnlagsarbeid innan kyrkjeleg undervisning og læring (tidlegare kalla «Trusopplæring») i samarbeid mellom dei 7 sokna i kommunen. Den som blir tilsett vil ha høve til å påverke utviklinga av kyrkja sitt arbeid blant barn og unge i ein kommune med mange frivillige. Målforma i kommunen er nynorsk.
Kyrkjelydspedagog/barne- og ungdomsarbeidar 40 % stilling vikariat. Det er ledig eit vikariat i 40 % stilling som kyrkjelydspedagog/barne- og ungdomsarbeidar i Vindafjord fellesrådsområde, med Ølen og Bjoa sokn som hovud-arbeidsområde.
I Skjold er det også ledig stilling som kyrkjetenar i 40% , og det er mogeleg å kombinera desse stillingane. Det er utarbeidd instruks for stillinga.
Det er utarbeidd instruks for stillinga.
Arbeidsoppgåver
Vera hovudansvarleg for planlegging og gjennomføring av aktivitetar i fylgje lokal plan for kyrkjeleg undervisning og læring, i samarbeid med øvrige kyrkjelydspedagogar, kateket, prest og organist
Deler av arbeidet må realiserast i samarbeid med det frivillige kristne b/u-arbeidet i soknet som skjer i regi av ulike organisasjonar. Kyrkjelydspedagogen er koordinator for desse samarbeidsprosjekta, har ansvar for at innhaldet samsvarer med planane, og tek seg av rapportering.
Ha kjennskap til og kontakt med leiarane i det frivillige b/u-arbeidet og med sokneråda sine utval innan kyrkjeleg undervisning, for å fremja fellesskap og samkjensle i arbeidet, slik at det frivillige b/u-arbeidet og det lønna arbeidet kan utfylla kvarandre og vera til gjensidig støtte og inspirasjon.
Kvalifikasjonar
Gode kommunikasjon- og formidlingsevner i møte med barn og unge
Utdanning innan pedagogikk og kristendom/teologi, og gjerne med tilleggsfag som t.d.
forming, drama, dans eller musikk
Relevant yrkeserfaring er eit pluss.
Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig,
Gode samarbeidsevner
Søkjar må
Vera medlem av Den norske kyrkja
Kunne legge fram gyldig politiattest
Disponere eigen bil
Kunne arbeide på kvelds- og helgetid etter oppsett plan
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og tariffavtalar.
For opplysningar om stillinga, kontakt:
Kyrkjeverja i Vindafjord i telefon 53 65 57 93 eller
kateket Britt Karstensen, tlf. 45221580.
Søknad med CV, referansar, kopi av vitnemål og attestar
Arbeidssted
Kleivavegen 2
5574 Skjold
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vindafjord kyrkjelege fellesråd
Referansenr.: 4946006693
Stillingsprosent: 40%
Vikar
Søknadsfrist: 16.04.2025