Skjold kyrkje - Vindafjord kommune

 

KANTOR – ORGANIST – KYRKJEMUSIKAR

 

Vindafjord kyrkjelege fellesråd

Vindafjord kyrkjelege fellesråd , søker etter ny kantor/organist/kyrkjemusikar i tilsaman 170 % stilling til kyrkjene i Imsland, Vikedal, Sandeid, Ølen, Bjoa, Vikebygd, Skjold og Vats.
Vindafjord kommune ligg på Haugalandet, med kommunesenteret i Ølen (50 km frå Haugesund) I kommunen er det sju sokn og åtte kyrkjebygg, Det er 8752 innbyggjarar i kommunen, medlemstalet i Den norske kyrkja er 6869, altså ca. 78%

Det er ledige stillingar som

  • KANTOR/ORGANIST/KYRKJEMUSIKAR
  • I inntil 170%
  • I tillegg er det ledig stilling (30%) som lærar i musikkskulen/kulturskulen i Vindafjord kommune.

Orgelparken er samansett slik:

Skjold kyrkje: Carsten Lund 2011, 21 stemmer, Åkerman & Lund 1990, 4 stemmer (kororgel) – Vats kyrkje: Heggen & Ivers 1920, 6 stemmer -Sandeid kyrkje: Robert Gustavsson 1981, 7 stemmer Vikedal kyrkje: E. Gangfløt 1981, 11 stemmer – Imsland kyrkje: Robert Gustavsson 1986, 8 stemmer – Ølen kyrkje: Norsk Orgel-Harmoniumfabrikk 1969, 16 stemmer -Bjoa kyrkje: Norsk Orgel-Harmoniumfabrikk 1969, 9 stemmer – Vikebygd kyrkje: Gebr. van Vulpen 1989, 13 stemmer. Det er piano i alle kyrkjer – i Skjold eit Blüthner flygel.

Søknadsfrist: Snarast.
Arbeidsgivar: Vindafjord kyrkjelege fellesråd
Stad: SKJOLD
Stillingstittel: KANTOR – ORGANIST – KYRKJEMUSIKAR
Stillingar: 2
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4585892698

Arbeidsoppgaver

  • Planlegging og gjennomføring av gudstenester kyrkjelege handlingar og andre arrangement i i samarbeid med prestar, stab og frivillige
  • Leia, delta i og vidareutvikla musikktilbod og korverksemd i kyrkjelydane våre
  • Deltaking i trusopplæringsarbeidet for barn og unge
  • Deltaking på stabsmøte og vera en del av teamarbeidet i staben

Kvalifikasjoner

  • 4 års kyrkjemusikkutdanning med 240 studiepoeng eller 3 års grunnutdanning i kyrkjemusikk samt tillegg i musikk, kristendomskunnskap, kirkefag, pedagogikk eller diakoni tilsvarende 60 studiepoeng.
  • Erfaring som kordirigent
  • Anna relevant utdanning og erfaring vil også bli vurdert.
  • Den som vert tilsett må framleggja politiattest uten merknader (Barneomsorgsattest)
  • Den som vert tilsett må vera medlem av Den norske kyrkja.                                                                 
  • Den som vært tilsett må disponera bil.

Personlige egenskaper

Vi ynskjer en person som

  • Er open for musikalsk mangfald og tverrfagleg samarbeid
  • Har god forståing for livet i i Den norske kyrkja
  • Har gode samarbeidsevner og relasjonar med tilsette og frivillige medarbeidarar og ha evne til å dra andre inni den musikalske verksemda i kyrkjelyden
  • Har god evne og vilje til å kommunisera med både barn og vaksne
  • Dei som vert tilsett vil ha godt høve til å vere med på å utvikla stillingane i samarbeid med sokneråda og stab.
  • Det kan bli avhalde prøvespel i samband med tilsetjingsprosessen

Vi tilbyr

  • Allsidig gudstjeneste- og kyrkjeydsliv i et engasjert miljø
  • Løn etter kvalifikasjoner og tariffavtalar
  • Pensjonsordning

 

Søk på stillingen her.

 

Adresse arbeidssted:
Fellesrådet si adresse er:
Kleivavegen 4, 5574 Skjold 

 

Kontaktinformasjon

Inghart Lasse Tveit, kyrkjeverje i Vindafjord
977 64 146

 

 

Del stillingen

Selskap

Vindafjord kyrkjelege fellesråd

Kontaktinfo

  • Inghart Lasse Tveit
  • Tittel: Kyrkjeverje i Vindafjord
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 977 64 146

Lokasjon

  • Skjold

Søknadsfrist

Februar 26, 2023