Vindafjord kommune

 

Lærar

 

 

Me søkjer deg som er oppteken av gje elevane ein innhaldsrik og meiningsfull skulekvardag. Vil du bidra til gjere born og unge robuste og la dei utvikle fagleg og sosial kompetanse i eit trygt læringsmiljø? Då vil me ha deg med i fellesskapet vårt!  

Me treng kontaktlærar/faglærar i 160% fast stilling på ungdomstrinnet, fortrinnsvis med kompetanse i samfunnsfag og engelsk, men andre fag kan og vere aktuelle. Me har og eit ledig vikariat på 100% i 5.-10 klasse.

 

Kva får du jobba med hos oss?

  • Planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning i tråd med læreplanverket.
  • Tilpasse opplæringa for å møte elevane sine ulike behov og føresetnader.
  • Skape eit trygt, inkluderande og motiverande læringsmiljø der elevane kan trivast og utvikle seg.
  • Bidra til godt samarbeid med føresette gjennom dialog og informasjonsdeling.
  • Vere ein aktiv del av eit profesjonelt læringsfellesskap med fokus på fagleg utvikling og deling av god praksis.
  • Samarbeide med kollegaer for å sikre heilskap og samanheng i elevane si opplæring.

 

Me kan tilby:

  • Ein arbeidstad der elevane står i fokus og vi har stor tru på sosial læring og utvikling.
  • Eit inkluderande og utviklingsorientert profesjonsfellesskap.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Som nyutdanna lærar vil du få ein eigen mentor.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring. 
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk. For kontaktlærarar vil du få eit kontaktlærartillegg på kr. 27.000 til kr. 38.000, avhengig av antall elevar du er kontaktlærar for. 
  • Trekning av nyutdannabonus på kr. 25.000 for nyutdanna som startar hos oss hausten 2025. Les meir her

 

Kvalifikasjonar:

  • Relevant lærarutdanning. Utdanninga må vera fullført seinast når du tek til i stillinga.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.

 

Personlege eigenskapar:

  • Du må vera positiv og imøtekommande, både mot elevar og vaksne. 
  • Du er ein god klasseleiar og relasjonsbyggar.  
  • Du trivs i eit utviklingsorientert arbeidsmiljø og har eit positivt og løysingsorientert syn på utfordringar.  
  • Du har eit sterkt ønske om å bidra til eit godt arbeidsmiljø og sosial læring for alle elevar.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

 

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

 

 

Søk her

 

 

Fylke: Rogaland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 08.05.2025
Tiltreding: 01.08.2025
Arbeidsstad: Vikedal skule

 

Kontaktpersonar:

Merete Djuve
Stilling: Rektor

mob: +47 47634791

 

Heimeside:

/www.vindafjord.kommune.no/barn-og-skule/grunnskule/vindafjordskulen/vikedal-skule/

 

Adresse:

Kyrkjevegen 7 5583 Vikedal

 

 

Vindafjord kommune

Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund.

Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle.

Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

Del stillingen

Selskap

Vindafjord kommune

Kontaktinfo

  • Merete Djuve
  • Tittel: Rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 47634791

Lokasjon

  • Ølen

Søknadsfrist

Mai 8, 2025