
Superlærar søkast – tryllestav og humor er eit pluss!
Er du ein engasjert og trygg vaksen som vil vere med og skape gode skulekvardagar for barna ved Vågen oppvekstsenter? Då kan dette vere jobben for deg!
Me har ledig ei 100% fast lærarstilling ved Vågen oppvekstsenter. Ein triveleg 1.-7. skule med omlag 100 elevar. Skulen ligg i flotte omgjevnader, tett på både skog og sjø, me har og eit variert og inspirerande uteområde som blir aktivt brukt i løpet av skuledagen.
Hos oss møter du:
- Ein engasjert og fagleg sterk kollegaflokk med høg trivsel.
- Elevgrupper mellom 15-20 elevar.
- Gode høve for uteundervisning og praktisk læring.
Kva får du jobba med hos oss?
- Planlegge, gjennomføre og evaluere variert og relevant undervisning.
- Vere med og skaper eit trygt, strukturert og inkluderande læringsmiljø der alle opplever meistring og læring.
- Samarbeider med kollega, leiinga og eksterne samarbeidspartar.
- Bidrar i skulen sitt arbeid med å skape fellesskap og fagleg utvikling.
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Som nyutdanna lærar vil du få ein eigen mentor.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.
- Godkjent lærarutdanning for grunnskule.
- Andre med relevant erfaring kan og søkje, men da vil stilinga bli mellombels.
Personlege eigenskapar:
- Kan arbeida sjølvstendig og samarbeida i laget rundt barnet.
- Er god på relasjonar med barn og vaksne.
- Er omsorgsfull, trygg og forutsigbar.
- Er løysningsorienter og systematisk.
- Bidrar positivt til det profesjonsfaglege felleskapet på skulen.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Referansenummer: 25/3031
Fylke: Rogaland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 14.10.2025
Tiltreding: Snarast
Arbeidsstad: Vågen oppvekstsenter
Kontaktpersonar:
Kjetil Andre Skartland
mob: +47 90853989
Heimeside:
Adresse:
Vågshagen 22 5582 Ølen
Vindafjord kommune
Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund.
Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle.
Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.