

Sommarvikar bygg, grøntanlegg og VAV
Me søker:
Me søker deg som vil vera sommarvikar på enten byggavdeling/grøntområder eller Vatn, Avlaup, Veg.
Arbeidsoppdraga kan vera i heile kommunen, men med oppmøte/base på Steinsland i Sandeid.
Likar du å vera ute å arbeida og ønskjer å bidra til å vedlikehalda vakre Vindafjord? Då kan du søkja jobb hos oss på kommunaltekniske tenester.
Me kan lova lærerike og travle dagar i lag med kjekke tilsette.
Stillingane er ledig frå 01.06.26 til og med 28.08.2026.
Hovudarbeidsoppgåver bygg/grøntområder:
- Plenklypping
- Stell av grøntområder
- Maling av bygg
- førefallande vedlikehaldsarbeid
Hovudarbeidsoppgåver Vatn, Avlaup, Veg
- Maling av bygg
- førefallande vedlikehaldsarbeid
- Bistand til driftsoperatørar
- Rydding av siktsoner
Kvalifikasjonar:
- Førarkort for personbil, helst med manuell gir
- Gode munnlege og skriftlege norsk-kunnskapar.
- Vera interessert og arbeidsvillig
Personlege eigenskapar:
- Fleksibel og lærevillig
- Blid og serviceinnstilt
- Innsikt i praktisk arbeid
- Gode samarbeidsevner
- Engasjert og effektiv- ser kva som kan bli gjort
- Beherskar norsk språk munleg og skriftleg
Me kan tilby:
- 100% stilling
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:
Bonusordning:
⭐ Kan du arbeide dei fire siste vekene (veke 29–32)? Då får du 6 000 kroner i bonus!
(Du må arbeide 100% desse vekene for å få bonusen).
Kontaktperson: Tor Martin Heggebø, bygg, og Willy Andre Solheim, VAV
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Referansenummer: 26/910
Fylke: Rogaland
Jobbtype: Sesong
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 20.04.2026
Tiltreding: 01.06.2026
Arbeidsstad: Vindafjord kommune
Kontaktpersonar:
Berit Fyljesvoll Haugsland
mob: +47 91350468
Tor Martin Heggebø
Stilling: Avdelingsleiar bygg
Adresse:
Østbøvegen 2 5585 Sandeid
Vindafjord kommune
Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund.
Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle.
Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

