Vindafjord kommune Vågen og Bjoa oppvektsenter

 

Pedagogisk leiar

 

Me søker pedagogisk leiar i 100 % fast stilling til Bjoa barnehage. Frå 01.08.2025. Barnehagen har ein avdeling og har plass til 30 barn. Barnehagen ligg naturskjønt til med skog, sjø og fjell i nærområdet. Der er gapahauk og lavo i kort gåavstand.

 

Kva får du jobba med hos oss?

  • Dagleg leiarmedansvar og overordna administrativt og pedagogisk ansvar for si avdeling
  • Ha medansvar for å observere barna og å skape gode leike og utviklingsmoglegheiter for dei 
  • Ha medansvar for eit godt foreldresamarbeid 
  • Ansvar for å gjennomføre og synleggjere pedagogisk utvikling på si avdeling saman med dei tilsette 
  • Være ein del av barnehagen sitt leiarteam 
  • Sjå barnehagen som heilskap og ha omsorg for alle barn 
  • Vere ein god rollemodell for dei andre tilsette i avdelinga og i barnehagen 
  • Utføre arbeid delegert av styrar 

 

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering og rabatt på treningssenter.
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

 

Kvalifikasjonar:

  • Utdanna barnehagelærar 
  • Anna relevant utdanning 
  • Erfaring frå arbeid i barnehage
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftsspråket i kommunen er nynorsk.

 

Personlege eigenskapar:

  • Me søker ein positiv, engasjert, fleksibel og initiativrik person som er villig og positiv til å arbeide opp mot fleire aldersgrupper. 
  • Me søker ein strukturert og tydeleg person som kan jobba sjølvstendig og i team. 
  • Må lika å vera i samtale med barn og kunna bruka språket aktivt saman med barna. 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

 

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

 

 

Søk her

 

 

Fylke: Rogaland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 08.07.2025
Tiltreding: 01.08.2025
Arbeidsstad: For tiden Bjoa barnehage

 

Kontaktpersonar:

Kjetil Andre Skartland
mob: +47 90853989

Sofie Haugland
tlf: +47 53655880
mob: +47 93400190

 

Heimeside:

www.vindafjord.kommune.no

 

Adresse:

Vågshagen 22 5582 Ølen

 

Vindafjord kommune Vågen og Bjoa oppvektsenter

Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund.

Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle.

Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

Del stillingen

Selskap

Vindafjord kommune

Kontaktinfo

  • Kjetil Andre Skartland
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 908 53 989
  • Sofie Haugland
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 536 55 880 mob: +47 934 00 190

Lokasjon

  • Bjoa

Søknadsfrist

Juli 8, 2025