Vindafjord kommune

 

Fagleiar dokumentforvaltning og digitalisering

 

Me søker:

Me har ledig 100% fast stilling som fagleiar dokumentforvaltning og digitalisering på arkiv.

Arkiv, politisk sekretariat og servicetorg utgjer avdelinga kommunikasjon og service, som er organisert som ein del av stabstenesta organisasjon.

Vi søkjer deg som vil arbeide i spennet mellom utvikling av dei digitale tenestene samtidig med at historia og dokumenta blir behandla på ein forsvarleg måte.

Du vil ha fagansvar for eit team med arkivmedarbeidarar som er engasjerte og har god kompetanse innan både arkivbehandling og digital utvikling.

Vi arbeider for å forenkle, fornye og forbetre arbeidsprosessane i kvardagen vår og er ein støttespelar for andre i kommunen.

Har du lidenskap for å bruke digital teknologi for å forbetre måten vi jobbar på?

Ser du moglegheitene ny teknologi gir oss for å gjere dokumenthandtering, rutinar og prosessar betre?

Er du nysgjerrig på kva dører som vil opne seg med smart bruk av kunstig intelligens?

I denne stillinga får du fagleg ansvar og moglegheit til å jobbe med varierte oppgåver på både operativt- og systemnivå. Vi ser etter nokon som er klar for å bidra i ei viktig og meiningsfull rolle i vår digitale framtid. Som fagleiar dokumentforvaltning og digitalisering vil du samarbeide tett med dei andre kommunane på Haugalandet, interkommunalt arkiv i Rogaland og DigiRogaland.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • delta i digitaliseringsprosjekt frå identifisering og planlegging til implementering og oppfølging
  • samhandle med, og være ein støttespelar for andre saksbehandlarar og leiarar i arkivfaglege spørsmål og utfordringar
  • gje opplæring og veiledning innan digitale løysingar
  • bidra til fjerning av plunder og heft i organisasjonen ved å bruke teknologi for å auke effektiviteten
  • bidra til vidareutvikling og vedlikehald av arkivplan og styrande dokumenter for dokumentasjonsforvaltninga
  • daglege driftsoppgåver i dokumentforvaltninga, som skanning, registrering og fordeling av post.
  • kvalitetssikring av OEP (offentlig elektronisk postjournal)
  • ordning av eldre arkivmateriale
  • andre oppgåver knytt til dokumentforvaltning
  • det kan og bli aktuelt med andre oppgåver som kjem inn under kommunikasjon og service sitt arbeidsområde

Kvalifikasjonar:

  • det er ynskjeleg at søkjar har relevant fagutdanning innan fagområdet arkiv, dokumentforvaltning og/eller digitalisering.
  • erfaring med arkiv- og dokumentforvaltning (både papir- og elektronisk) kan kompensere for manglande formell utdanning, men søkjar må være villig til å tileigne seg formell kompetanse
  • kjennskap til offentleg forvaltning og relevant lovverk som arkivlova, offentleglova og forvaltningslova
    fordel med erfaring frå bruk av WebSak
  • generell god IT-kompetanse
  • nysgjerrig på ny teknologi og digitalisering
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Personlege eigenskaper

Vi trur du vil trivast i denne jobben om du er proaktiv, sjølvstendig og trygg både som fagperson og relasjonsskapar.

Vi legg stor vekt på at du er:

  • initiativtakar og pådrivar med stor gjennomføringsevne
  • nysgjerrig og tør å stille dei “dumme” spørsmåla for å få fram nye perspektiv
  • fleksibel, sjølvstendig og med evne til å være løysningsorientert
  • rask til omstilling mellom ulike oppgåver og møter
  • evne til å strukturere og planlegge eige arbeid
  • kommunisere på ein klar, strukturert og presis måte
  • du er trygg i dine eigne val og taklar høgt arbeidspress
  • gode samarbeidsevner

Me kan tilby:

  • utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i ein solid organisasjon i utvikling
  • eit hyggelig arbeidsmiljø på rådhuset i Ølen
  • konkurransedyktig løn og vilkår, samt gode pensjons- og forsikringsordningar
  • fleksibel arbeidstid
  • rabatt på treningssenter
  • bedriftskunstlag
  • kommunalt kor KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • tilbod om gunstig mobilabonnement

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

 

Søk på stillinga her.

Fylke: Rogaland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 06.06.2024

 

Tiltreding: Snarast

Arbeidsstad: Rådhuset i Ølen

 

Kontaktpersonar:

Hilde Hellenes

mob: +47 916 26 948

 

Heimeside:
www.vindafjord.kommune.no/helse-og-velferd/pleie-og-omsorg/omsorgssenter/vindafjordtunet/
Adresse: Rådhusplassen 1 5580 Ølen

Vindafjord kommune

Vindafjordtunet ligg i Nedre Vats og er delt inn i Demensomsorga og Somatisk langtid. Demensomsorga har 34 plasser for personar med demens inkludert rulleringsopphald. Somatisk langtid har 14 plasser. Heimetenesta som gir tenester i Skjold, Vats og Vikebygd (ytre sone) har base ved Vindafjordtunet. Dagsenter for heimebuande eldre og personar med demens er og på Vindafjordtunet 4 dagar i veka.

Begge avdelingane har kvar sin avdelingssjukepleiar samt teamsjukepleiarar. Me har fleksibel turnus.

 

Del stillingen

Selskap

Vindafjord kommune

Kontaktinfo

  • Hilde Hellenes
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 916 26 948

Lokasjon

  • Ølen

Søknadsfrist

Juni 6, 2024