Vindafjord kommune

 

Lærar, Bjoa skule

 

Me søker:

Lærar. Me har 100% ledig vikariat ved Bjoa oppvekstsenter.
Stillinga er ledig frå 01.08.2024 til og med 31.07.2025

Bjoa skule er ein todelt skule med omtrent 20 elevar. Skulen ligg idyllisk til med nærleik til fjell og sjø. Me har eit flott uteområde og nærmiljø som eignar seg til uteskule.
Me har eige facebook-gruppe. Sjekk ut Bjoa skule og barnehage for å sjå alt det kjekke me gjer i kvardagen.

Hovudarbeidsoppgåver:

Timelærar 1.-7.klasse

Kvalifikasjonar:

Godkjent undervisningskompetanse.
Andre kandidatar med anna kompetanse eller erfaring kan og søke.

Personlege eigenskapar:

God på samarbeid og relasjonsbygging.
Løysningsorientert.
Fagønsker: Kunst og handverk, kroppsøving, naturfag og musikk.
Vera ein autoritativ vaksen med haldning om at barn gjere så godt dei kan når dei kan.

Me kan tilby:

Variert arbeid i eit positivt miljø
Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
God opplæring og samarbeid med andre
Rabatt på treningssenter
Tilbod om gunstig mobilabonnement
Bedriftskunstlag
Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Søk på stillinga her.

Fylke: Rogaland

Jobbtype: Vikariat

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

Søknadsfrist: 26.06.2024

Tiltreding: 01.08.2024

Arbeidsstad: Bjoa oppvekstsenter

 

Kontaktpersonar:

Kjetil Andre Skartland

mob: +47 908 53 989

 

Heimeside:
www.vindafjord.kommune.no/barn-og-skule/grunnskule/vindafjordskulen/bjoa-oppvekstsenter/
Adresse: Bjoavegen 1333 5584 Bjoa

 

Vindafjord kommune – Vikecal skule

Me er ein kombinert barne- og ungdomsskule som har omlag 150 elevar. Me legg vekt på å skapa eit godt læringsmiljø for både elevar og vaksne. Mykje humør og humor gjer at me arbeidar og tenkjer bra saman, til beste for elevane si læring.

 

Del stillingen

Selskap

Vindafjord kommune

Kontaktinfo

  • Kjetil Andre Skartland
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: 90853989 mob: +47 90853989

Lokasjon

  • Bjoa

Søknadsfrist

Juni 26, 2024