
Undervisningsstillinger
Stillingstype
Det er ledig inntil 4 undervisningsstillingar ved Helland ungdomsskule frå 01.08.2025. Kontaktlærar er ein naturleg tilleggsfunksjon i nokre av stillingane. Vi tek atterhald om endringar elles i organisasjonen.
Helland ungdomsskule ligg i Tresfjord i Vestnes kommune, og er ei rein ungdomsskule med om lag 170 elevar.
Vestnes kommune ligg i sentralitetssone 5. Bur du i Vestnes, har studielån og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt.
Arbeidsoppgåver
– jobbe for eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø
– undervisning og rettleiing av elevar
– motivere elevane til innsats for eiga læring
– tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar
– samarbeid med elevar, føresette og kollegaer
– rettleie elevar fagleg og sosialt
Kvalifikasjonar
-Følgande fag er av særleg interesse: Arbeidslivsfag, norsk og musikk- andre fagområde kan
også vere aktuelle
– beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på
nivå B2
– ha god kommunikasjonsevne
– digital kompetanse
– bidra til teamutvikling
– engasjert og fagleg dyktig
– det blir stilt krav om politiattest
– det vert stilt krav til allmennlærarutdanning eller tilsvarande pedagogisk utdanning
– personlege eigenskapar vil og bli vektlagt
Personlege eigenskapar
– kan jobbe sjølvstendig og strukturert
– er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
– kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
– har god kompetanse og erfaring med klasseleiing
– opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
– er løysingsfokusert og utviklingsorientert
– er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne
– kan jobbe tverrfagleg
Vi tilbyr
– eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
– ein arbeidsplass med fokus på utvikling
– løn i høve gjeldande avtaleverk
– eit funksjonstillegg på 40.000kr/årleg for kontaktlærarar
– ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
– gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju.
Referansar
Oppgi referansar
Fylke: Møre og Romsdal
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Stillingstype: Heiltid/Deltid
Søknadsfrist: 27.04.2025
Tiltreding: 01.08.2025
Arbeidsstad: TRESFJORD
Kontaktpersonar:
Gunvald Fauske
mob: +47 95133377
Heimeside:
Adresse:
Skulebakken 1 6391 Tresfjord
Vestnes kommune Helland ungdomsskule
Helland ungdomsskule har 160 elevar frå 8.-10. steg. Skulen er midlertidig lokalisert i Tresfjord