Vernepleiar i Tilrettelagte tenester – 100 % fast stilling og 100 % vikariat
Vang Kommune, Tilrettelagte tenester
Om stillinga
Tilrettelagte tenester/Miljøtenesta har ledig 100 % fast stilling og 100 % vikariat som vernepleiar.
Du er ynska hit til oss med di nyskjerrigheit, positivitet og gode samarbeidsevner.
Tilrettelagte tenester i Vang er i endring, difor treng me nye medarbeidarar. Me ser at våre tenester både endrar seg og aukar, og innhaldet i arbeidet vert variert og nyskapande.
Me ynskjer din kunnskap og bidrag i endringa, saman med fleire gode fagansvarlege.
Du vert med på alt frå observasjon og kartlegging av bistandsbehov, oppstart av nye tenester, i tett samarbeid med eigne og andre faginstansar, tenestemottakarar og
familiar. Du vil bidra inn i barneavlastning, private heimar, bufellesskap, arbeid/aktivitet og til tider samarbeide med skule/barnehage.
Gode lønsvilkår for vernepleiarar og sjukepleiarar som rekrutteringstiltak i Vang kommune!
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist: 28.11.2023
Arbeidsgivar: Vang Kommune
Stad: VANG I VALDRES
Stillingstittel: Vernepleiar i Tilrettelagte tenester -100 % fast stilling og 100 % vikariat
Stillingar: 2
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast, Vikar
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4727733556
Arbeidsoppgåver
Aktivt søkje å nå fastsette mål for arbeidet gjennom målretta miljøarbeid
Praktisk bistand og opplæring til tenestemottakarar etter HOL §3-2,6
Ivareta brukarmedverknad i all tenesteyting
Bidra til godt samarbeid med brukarar, pårørande og kollegaer
Observasjon og kartlegging
Kvalifikasjonar
Fortrinnsvis autorisasjon som vernepleiar, men sjukepleiar og andre med 3-årig helse – og sosialfagleg utdanning oppmodast også til å søkje.
Kunnskap og erfaring frå arbeid med målgruppa
Gode ferdigheter innan IKT og bruk av elektronisk pasientjournal
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Førarkort kl. B og disponera eigen bil
Personlege eigenskapar
Gode samarbeidsferdigheiter, men òg evne sjølvstendig arbeid
Du er stabil, fleksibel og lojal overfor vedtak og tiltak
Du er blid og positiv, og villig til å søke ny kunnskap
Vi tilbyr
Ei spennande stilling med varierte arbeidsoppgåver
Opplæring og rettleiing
Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar
Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell-loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding
Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor
Gode lønsvilkår for vernepleiar/sjukepleiar
Adresse:Tyinvegen 5150, 2975 VANG I VALDRES, Norge
Kontaktinformasjon
Marita Østborg, Avdelingsleiar Base Sør, Bakkehaugen
Telefon: 905 80 097
E-post: Marita.ostborg@vang.kommune.no
Elisabeth Hålien, Leiar Tilrettelagte tenester
Telefon: 990 90 013
E-post: Elisabeth.Halien@vang.kommune.no
Maren Ødegaard Hvitmyhr, Avdelingsleiar Base Nord, Grindatun
Telefon: 958 46 059
E-post: maren.odegaard.hvitmyhr@vang.kommune.no
Om arbeidsgivaren
«Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.
Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.