Kommunalsjef ved Landbruk og teknisk

 

Vang Kommune

Om stillinga

Vang kommune har ledig 100 % fast stilling som kommunalsjef for teknisk, plan, miljø og landbruk. Kommunalsjefen inngår i kommunedirektøren si leiargruppe. Leiargruppa arbeider i fellesskap med forsvarleg forvaltning og berekraftig utvikling av kommunen. Vi søkjer difor ein person med gode samarbeidsevner og ei strategisk innstilling til den samla kommunale verksemda.

Ved etaten er desse fagområda:

Samfunnsutvikling
Arealplan og byggesak
Vatn og avløp
Miljø og naturforvaltning
Landbruk, skogbruk og viltforvaltning
Landmåling, kart og GIS
Beredskap
Teknisk drift, reinhald og kommunal eigedomsforvaltning
Vang kommune nyttar nynorsk som målform.

For meir info om Vang kommune, sjå:

www.vangivaldres.no/om-vang/vangswiki/

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 26.11.2023
Arbeidsgivar: Vang Kommune
Stad: Vang i Valdres
Stillingstittel: Kommunalsjef Landbruk og teknisk – 100 % fast stilling
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4730198062

Arbeidsoppgåver

Leie, organisere, prioritere og strukturere arbeidet på etaten
Ansvar for etatens økonomi og personell, samt utvikling av fagområda
Ansvar for å sikre ei effektiv tenesteutøving med god kvalitet i medhald av lovverk, rammer og målsetjingar
Ansvar for rekruttering og kompetanseutvikling i etaten
Vidareutvikle etaten med fokus på å skape ein felles kultur og innovativ tankegang
Ansvarleg for etatens saksbehandling innanfor fagområda og førebu saker til politisk behandling

Kvalifikasjonar

Relevant :

Universitets- eller høgskuleutdanning, til dømes innanfor ingeniørfag, forvaltning, jus, realfag, samfunnsfag
Realkompetanse kan i særskilte tilfelle kompensere for manglande utdanning
Haldningar og verdiar som er i tråd med Vang kommune sine perspektiv på leiarskap
Ynskjeleg med kjennskap til lovverk og føresegner innanfor kommunal forvaltning og beredskap
God forståing for offentleg forvaltning og økonomi
God systemforståing og digital kompetanse
Gode norskkunnskapar, og god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som

  • vil vere med å forvalte og utvikle verdiane i Vang kommune
  • har fokus på kommunikasjon, og er god på dialog og samarbeid
  • gjennom dine leiareigenskaper evner å levere gode resultat i samarbeid med andre
  • har høg gjennomføringsevne, er tydeleg og evner å ta avgjerd på sjølvstendig grunnlag i tråd med
  • overordna målsetning
  • finn gode løysingar og held fokus på utvikling av medarbeidarar, system og organisasjon
  • tør å tenke nytt, tar utfordringar og ser moglegheiter
  • har gode strategiske og analytiske eigenskapar
  • skapar tillit gjennom høg fagleg og personleg integritet
  • har stor interesse for kommunal forvaltning og utvikling av fagfeltet
  • har god forståing for forholdet mellom styret og administrasjonen i ein organisasjon
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

  • deltaking i ei engasjert og inkluderande leiargruppe
  • gode og faglig dyktige kollegaer
  • spanande, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • moglegheita til å være med på å utvikle tenesteområdet saman med engasjerte medarbeidarar og avdelingsleiarar
  • moglegheita til å være med på å vidareutvikle ein spanande kommune
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • konkurransedyktig løn etter kommunens løns- og stillingsregulativ
  • fleksibel arbeidstid

 

Søk på stillinga her.

 

Adresse: Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres, Norge

Kontaktinformasjon

Erlend Haaverstad, Kommunedirektør
Telefon:  414 38 914
E-post:  erlend.haaverstad@vang.kommune.no

 

Om arbeidsgivaren

Vang kommune som arbeidsgjevar:

  • Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
  • Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!

Å bu i Vang kommune:

  • Ei storstilt satsing på barn og unge!
  • Ein kombinert barne – og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
  • Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I
  • Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
  • Helse og omsorgstenester av god kvalitet
  • Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
  • Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
  • I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
  • Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
  • I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
  • Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha “vestlandsfjell med austlandsklima”, og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
  • I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
  • Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres.
  • Kontakt gjerne Innovangsjon direkte om du tenker på å flytte til Vang!
  • Meir info om arbeids – og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres

Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.

 

Del stillingen

Selskap

Vang kommune i Valdres

Lenke til firma

Kontaktinfo

  • Erlend Haaverstad
  • Tittel: Kommunedirektør
  • E-Post: erlend.haaverstad@vang.kommune.no
  • Mobil/Tlf: Telefon:  414 38 914

Lokasjon

  • Vang I Valdres

Søknadsfrist

November 26, 2023