Kantor/organist/kyrkjemusiker

 

 

  • Kyrkjeleg fellesadministrasjon, Valle kommune
  • Nordibøvegen 139, 4747 Valle

 

Om jobben

Stillingstittel: Kantor/organist/kyrkjemusiker
Type ansettelse: Fast
Arbeidsspråk: Norsk
Antall stillinger: 1

 

Søk senest søndag 4. august

 

 

Gå til søknad

 

 

Ledig 100 % stilling som kantor/organist/kyrkjemusiker frå 01 januar 2025. Arbeidsgjevar er Valle og Hylestad sokn. Arbeidsstad og oppmøteplass er kyrkjekontoret i Valle. Stillinga er delt 50/50 mellom Bykle, Valle og Hylestad sokn.

Bykle, Valle og Hylestad sokn er geografisk lik Bykle kommune og Valle kommune og har om lag 2300 innbyggjarar. Sokna har 5 kyrkjer.

Valle kyrkje er ei handlafta krosskyrkje, vigsla i 1844 og har eit nederlandsk Steedam-orgel med 18 stemmer frå 1997.

Hylestad kyrkje er ei lafta åtte kanta kyrkje vigsla i 1839 og har eit Br.Thorkhildsen-orgel med 6 stemmer frå 1991.

Bykle kyrkje var ny i 2004 og har eit pipeorgel frå 2005 med 14 stemmer og to manualer bygd av Nils Arne Venheim.

Fjellgardane kyrkje har eit pipeorgel frå 1996 med sju stemmer bygd av Nils Arne Venheim.

Bykle gamle kyrkje er frå 1600 talet og har eit lite pipeorgel.

Gudstenestefrekvensen er for tida to gudstenester annankvar helg pluss høgtider m.v

 

Arbeidsoppgaver

  • Planlegging og gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlinger
  • Organisere og deltake med song i kyrkjelydane, orgelspel, konstertar, musikkformidling, undervisning t.d konfirmantundevisning og rådgjeving
  • Ansvar for tilsyn og vedlikehald av kyrkjene sine orgel og andre instrument
  • Samarbeid med lokale, friviljuge og offentlege instansar

 

Kvalifikasjoner

  • Høgskule- eller univeritetsutdaning på bachelornivå, innan relevant fagområde
  • Realkompetanse kan kompensere for formalkompetanse
  • Bør kunne spele både orgel og piano
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Nynorsk språkform vert nytta

 

Personlige egenskaper

  • Fleksibel og engasjert medarbeider som kan vere med i å utvikle den kyrkjelege verksemda
  • Personleg eigna vert vektlagt
  • Kunne jobbe sjølvstendig, men og trivast med samarbeid i team
  • Ha førerkort kl B og disponere eigen bil
  • Må vere medlem i DNK
  • Leggje fram politiattest ved tilsettjing

 

Vi tilbyr

Ein spanande, mangfoldig, meiningsfyllt , interessant og sjølvstendig stilling i eit raust arbeidsmiljø prega av tilsette som i stor grad arbeider sjølvstendig, men og i team

Løn- og tilsettjingsvilkår i tråd med KA sitt avtaleverk. Gode forsikrings- og pensjonsordninger i KLP.

 

For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med Else Gyro Rysstad, tel. 41917828, eller Gudrun Sagneskar, tel. 90079352.

 

Sjå også www.valle.kyrkja.no

 

Kontaktinformasjon

Else Gyro Rysstad, leiar i soknerådet, Bykle, 41917828
Gudrun Sagneskar, leiar i soknerådet, Valle og Hylestad, 90079352
Gudrun Åkre, Daglig leder/kirkeverge, 48069694

 

Arbeidsstad

Nordibøvegen 139
4747 Valle

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Valle kommune
Referansenr.: 4834436893
Stillingsprosent: 100%,Fast
Søknadsfrist: 04.08.2024

 

Om bedriften

Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.

Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/

 

Sektor: Offentlig

Nettsted: www.valle.kyrkja.no

Del stillingen

Selskap

Valle og Hylestad sokneråd

Lenke til firma

https://bykle.kyrkja.no/

Kontaktinfo

  • Gudrun Åkre
  • Tittel: Daglig leder/kirkeverge
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 48069694
  • Gudrun Sagneskar
  • Tittel: leiar i soknerådet, Valle og Hylestad
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 90079352
  • Else Gyro Rysstad
  • Tittel: leiar i soknerådet, Bykle
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 41917828

Lokasjon

  • Valle

Søknadsfrist

August 4, 2024