
Kantor / kyrkjemusikar
Vaksdal kommune ligg sentralt til mellom Voss og Bergen. Den norske kyrkja i Vaksdal omfattar seks sokn, og sju kyrkjer. Stamvegen mellom Bergen og Oslo, E16 samt Bergensbanen går gjennom store delar av kommunen og gjev effektiv kommunikasjon mot Voss og Bergen. Plasseringa gjer at ein kan nyta godt av både by- og bygdekultur. Kommunen har eit rikt organisasjonsliv med musikk, idrett og lag
To av kyrkjene i Vaksdal har form som katedral, langkyrkjer i stein med særdeles god akustikk. I Dale kyrkje er det eit tre-manuals elektropneumatisk orgel frå 1956 med 36 stemmer. Steinmeyer har mellom annan intonert orgelet. Dale kyrkje har òg eit Yamaha flygel frå 2006. I Vaksdal kyrkje er det eit 20 stemmers mekanisk Jehmlich orgel frå 1991.
Me søker etter
- kantorar/kyrkjemusikarar i 50% fast stilling.
Stillinga inneheld mellom anna speling til kyrkjelege handlingar og seremoniar og direksjon. Staben i Vaksdal kyrkjelege fellesråd er liten og me jobbar tett saman og spelar kvarandre gode. Det vil bli lagt vekt på at den som tiltrer stillinga har gode samarbeidsevner og er ein lagspelar. Ein vil ha moglegheit til å påverke eiga stilling og arbeidskvardag.»
Arbeidsoppgåver
Planlegge og gjennomføre gudstenester og kyrkjelege handlingar, i samarbeid med prest og stab
Spele akkompagnement og leie eventuelt korarbeid og konsertverksemd
Bidra til eit breitt og variert musikalsk uttrykk i gudstenester og anna kyrkjeleg verksemd
Utvikle song- og musikklivet i sokna
Spele på andaktar ved institusjonar
Noko møteverksemd og administrativt arbeid
Kvalifikasjonar
Utdanning i samsvar med tenesteordninga for kantorar. Søkjarar med anna relevant kompetanse, realkompetanse eller kyrkjemusikalsk utdanning vert òg vurdert
Meistring av kyrkjeorgel og/eller piano
Erfaring med akkompagnement
Banderfaring er ynskjeleg
Dirigenterfaring frå barne- og ungdomskor er ein fordel
Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som er strukturert og sjølvstendig, og som trivst med å samarbeide – både med fast tilsette og frivillige. Du er ryddig, kreativ og løysingsorientert, og du har gode kommunikasjonsevner. Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Arbeidsstad og vilkår
Kontorstad: Kyrkjekontoret på Dale. Tenestested: alle seks sokn i Vaksdal
Næraste overordna: kyrkjeverja
Arbeidstid: fleksibel; kvelds- og helgearbeid må påreknast
Løn: etter kyrkjeleg tariff og kvalifikasjonar
Pensjon: KLP med 2 % innskot av brutto løn
Krav: Førarkort klasse B og disponibel bil
Krav: Medlemskap i Den norske kyrkja og politiattest
Tilsetjing skjer i samsvar med lov, reglement og tariff. Søkjar må vera budd på eventuelle endringar i kommunestrukturen.
Søknad og kontakt
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med Kyrkjeverje Bjart-Magnus Rosvold tlf 97 69 75 62. e-post br233@kyrkja.no
Eventuelt send søknad med CV og relevante attestar til Vaksdal kyrkjelege fellesråd, pb 113, 5721 Dalekvam

