
Kantor / kyrkjemusikar
Vaksdal kyrkjelege fellesråd dekkjer seks sokn og sju kyrkjer i ein vakker kommune mellom Bergen og Voss. Med E16 og Bergensbanen rett gjennom kommunen har vi rask kommunikasjon til begge byar, og vi nyt godt av både by- og bygdekultur. Naturen varierer frå høgfjell og dalar til djupe fjordlandskap – og kommunen har eit rikt organisasjonsliv med musikk, idrett og frivillige lag.
Kyrkjene er utstyrte med gode instrument. Mellom anna finn du Jehmlich-orgel på Dale og Yamaha C3-flygel på både Vaksdal og Dale
Om stillinga
Vi søkjer ein engasjert og musikalsk person til fast stilling som kantor/kyrkjemusikar i 50 % stilling
Søknadsfrist: 26.06.2026
Arbeidsgivar: Vaksdal kyrkjelege fellesråd
Stad: Dalekvam
Stillingstittel: Kantor / kyrkjemusikar
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 50
Webcruiter-ID: 5138117499
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og gjennomføre gudstenester og kyrkjelege handlingar, i samarbeid med prest og stab
- Spele akkompagnement og leie eventuelt korarbeid og konsertverksemd
- Bidra til eit breitt og variert musikalsk uttrykk i gudstenester og anna kyrkjeleg verksemd
- Utvikle song- og musikklivet i sokna
- Spele på andaktar ved institusjonar
- Noko møteverksemd og administrativt arbeid
Kvalifikasjonar
- Utdanning i samsvar med tenesteordninga for kantorar. Søkjarar med anna relevant kompetanse, realkompetanse eller kyrkjemusikalsk utdanning vert òg vurdert
- Meistring av kyrkjeorgel og/eller piano
- Erfaring med akkompagnement
- Banderfaring er ynskjeleg
- Dirigenterfaring frå barne- og ungdomskor er ein fordel
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Arbeidsstad og vilkår
- Kontorstad: Kyrkjekontoret på Dale. Tenestested: alle seks sokn i Vaksdal
- Næraste overordna: kyrkjeverja
- Arbeidstid: fleksibel; kvelds- og helgearbeid må påreknast
- Løn: etter kyrkjeleg tariff og kvalifikasjonar
- Pensjon: KLP med 2 % innskot av brutto løn
- Krav: Førarkort klasse B og disponibel bil
- Krav: Medlemskap i Den norske kyrkja og politiattest
- Tilsetjing skjer i samsvar med lov, reglement og tariff. Søkjar må vera budd på eventuelle endringar i kommunestrukturen.
Søknad og kontakt
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med Kyrkjeverje Bjart-Magnus Rosvold tlf 97 69 75 62. e-post br233@kyrkja.no
Eventuelt send søknad med CV og relevante attestar til Vaksdal kyrkjelege fellesråd, pb 113, 5721 Dalekvam
Fabrikkvegen 3, 5722 Dalekvam, Norge
Kontaktinformasjon
Bjart-Magnus Rosvold
Kyrkjeverje
Telefon:97 69 75 62
E-post:br233@kyrkja.no
Elisabeth Verpelstad

