Hå kyrkjelege fellesråd
Ungdomsprest/ Ungdomsleiar
Om stillinga
Nærbø kyrkjelyd har som visjon: -Levande tru
Nærbø er i vekst og det bur om lag 8000 personar i kyrkjelyden.
Kyrkjelyden opplever stor tilstrøyming og soknerådet har arbeidet blant born og unge som eit av hovudsatsingsområda. Ungdomsklubben Reload samlast annankvar fredag i Nærbø kyrkje. I tillegg har kyrkjelyden eit aktivt trusopplæringsarbeid med fleire tiltak.
Kyrkjelyden har ulike former for gudstenester der mange frivillige medarbeidarar er engasjert i planlegging og gjennomføring.
Det er og open barnehage i kyrkja, denne har ope tre dagar i veka.
Kyrkjelyden har tilsett dagleg leiar, musikalsk leiar, sokneprest, diakonimedarbeidar, kateket, kyrkjelydspedagog, trusopplærar, kyrkjetenar/vaktmeister., styrar og assistent i open barnehage..
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist: 07.05.2023
Arbeidsgivar: Hå kyrkjelege fellesråd
Stad: Nærbø
Stillingstittel: Ungdomsprest/ Ungdomsleiar
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4640121618
Arbeidsoppgaver
Ansvar for Ungdomsklubben Reload.
Delta i konfirmantarbeidet saman med Kateket
Leiartrening og rekrutering av frivillige medarbeidarar
Delta i enkelte gudstenester
Trusopplæring med hovudfokus på tida etter konfirmasjonen
Kvalifikasjoner
Vi ynskjer deg som har:
Teologisk, pedagogisk eller anna relevant utdanning/erfaring
Erfaring frå arbeid blant born og unge
Gode samarbeidsevner
Personleg egnethet vil bli vektlagt
Personlige egenskaper
Vi søkjer deg som er prest/pedagog med ei kristen tru som ynskjer å formidle, og som har lyst til å vidareutvikle eit godt kristent opplæringsarbeid for born og unge.
Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Du er fleksibel, og kan arbeida både sjølvstendig og i team. Du er strukturert og engasjert, og liker å engasjere og motivere frivillige medarbeidarar i alle aldre.
Den som blir tilsett må vere medlem i Den norske kyrkja. Det tas atterhald om at den som ansettes kan framlegga tilfredsstillende politiattest i henhold til Trussamfunnslova paragraf 20
Vi tilbyr
Spennande utfordringar i ein aktiv kyrkjelyd med stort frivillig engasjement
Eit triveleg arbeidsfelleskap i Nærbø kyrkje
Fleksibel arbeidstid, men det må påreknast noko ettermiddags-, kvelds- og helgearbeid
Lønn etter tariff. Pensjonsordning i KLP eller SPK
Offentleg søkjarliste vert utarbeida
Store Ring 53, 4365 Nærbø, Norge
Kontaktinformasjon
Svein Olav Nesse, Kyrkjeverje
920 22 874
Møyfrid Garborg, Kateket
982 20 855