Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd
Konsulent på Os kyrkjekontor
Om stillinga
Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd søkjer konsulent i 100% stilling.
På jakt etter ein variert, fleksibel og meiningsfull jobb? I denne jobben er arbeidsoppgåvene delte mellom administrative oppgåver og oppgåver knytte til det frivillige arbeidet i kyrkjelyden.
Bjørnafjorden er ein kommune sør for Bergen med omlag 25.000 innbyggjarar. Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd er delt inn i to sokn, Fusa og Os. Tilsette i fellesrådet og prestar knytte til sokna utgjer to engasjerte og kompetente stabar på til saman 29 tilsette fordelte på 25,5 årsverk. Denne stillinga er knytt til Os-kontoret.
Som konsulent vil du vere ein sentral del av det merkantile arbeidet som skal utførast i organisasjonen. Medrekna denne stillinga er det til saman 4 konsulentar i fellesrådet fordelte på 3 årsverk i Os og 1 årsverk i Fusa. Konsulentane har til dels ulike arbeidsoppgåver og arbeidsfelt og er til saman svært viktige nøkkelspelarar i organisasjonen. Som konsulent vil du bidra på ulike område der fellesrådet har ansvar, dessutan følgje opp vedtekne saker i fellesrådet. Dette inneber blant anna å vere ein administrativ ressurs inn mot rekrutteringsprosessar, HR-arbeid, bidra administrativt i prosjekt og arkivering. Konsulenten vil også jobbe med kommunikasjonsarbeid.
Konsulenten vil ha rolla som frivilligkoordinator i kyrkjelyden. Dette inneber blant anna å koordinere frivillige til kyrkjevertar og kyrkjekaffi i ein halvårsplan. Våre frivillige er heilt uunnverlege, og ei viktig oppgåve for oss er såleis å sjå, vise takksemd og sørge for at de trivest i rolla. Det er ikkje frivilligkoordinatoren si oppgåve å bere ansvaret for alt frivillig arbeid i kyrkjelyden åleine, men frivilligkoordinatoren vil vere eit viktig bindeledd med koordineringsansvar.
En anna viktig oppgåve for konsulenten vil vere å koordinere og tilretteleggje, saman med sokneråd og stab, for eitt av høgdepunkta i året – julemessa i kyrkjelyden.
Det er viktig at du viser fleksibilitet overfor kva for oppgåver som inngår i stillinga, då dette vil vere avhengig av behov frå administrasjonen og kva som skjer i løpet av året. Det er tiltenkt at 50% skal vere knytt opp mot administrasjon til fellesrådet, og 50% til kyrkjelydsarbeidet i Os.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist: 10.07.2023
Arbeidsgivar: Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd
Stad: Os
Stillingstittel: Konsulent på Os kyrkjekontor
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID:4677158040
Arbeidsoppgåver
Oppgåver knytte til kyrkjelydsarbeidet i Os sokn:
- Ha eit hovudansvar for frivillige i kyrkjelyden, vere «bindeleddet» mellom stab og frivillige.
- Rekruttere, inspirere og følgje opp frivillige i kyrkjelyden som heilskap, arrangere frivilligfest.
- Utarbeide semesterplanar og finne frivillige til gudstenester (kyrkjevertar og kyrkjekaffi).
- Jobbe i ulike team i stab og med frivillige for å byggje kyrkjelyd i Os gjennom ulike tiltak og prosjekt, m.a. med Julemessa i slutten av november – eit stort arrangement for kyrkjelyden.
Oppgåver knytte til administrative oppgåver i fellesrådet:
- Rekrutteringsbistand, primært administrativt.
- Saksbehandling og arkiv.
- Oppfølging av saker knytte til bygg og anlegg, personal og økonomi, etter behov.
- Kommunikasjonsarbeid
- Andre administrative oppgåver knytte til administrasjonen i fellesrådet.
- Andre arbeidsoppgåver vil kunne leggjast til stillinga avhengig av kva kompetanse og yrkeserfaring du har, i tillegg til behov å arbeidsplassen.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, til dømes innan administrative fag. Fagbrev innanfor kontor og administrasjon eller realkompetanse med relevans for dei aktuelle oppgåvene kan sidestillast med utdanningskravet.
- Erfaring med administrativt arbeid og/eller saksbehandling.
- Kjennskap til HR-faget.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Gode IT-kunnskapar.
- Erfaring med kyrkjelydsarbeid er ei føremon.
- Erfaring med frivillig arbeid eller koordinering av dette.
- Kjennskap til lokalmiljøet og kyrkjelyden i Os vil vere ei føremon.
Personlege eigenskapar
- God til å organisere, jobbar strukturert og har god gjennomføringsevne.
- Jobbar sjølvstendig og likar varierte arbeidsoppgåver.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
- Serviceinnstilt, fleksibel og imøtekomande.
- Kontaktskapande, omgjengeleg å trivst med å jobbe opp mot frivillige.
- Trivst med å motivere og engasjere frivillige.
Anna
- Den som blir tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja.
- Tilfredsstillande politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.
- Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på.
Vi tilbyr:
- En triveleg arbeidsplass med engasjerte og dedikerte medarbeidarar.
- Varierte arbeidsoppgåver.
- Fleksibel arbeidstid.
- Ein stor og aktiv kyrkjelyd med rom for nye prosjekt og eigenutvikling.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar til gjeldande tariffavtale (KA).
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP.
- Aktuelle søkjarar vil bli kontakta og kalla inn til intervju.
Adresse:Øyro 49, 5200 Os, Norge
Kontaktinformasjon
Hans Einar Markhus, Fung.kyrkjeverje
Telefon: 959 36 580
Sigurd Rotvik Tunestveit, Dagleg leiar Os sokn
Telefon: 938 69 109