Vestnes kommune Tomrefjord skule

 

Undervisningsstillingar – Vikariat

 

 

 

Tomrefjord skule har ledig vikariat inntil 200 % undervisningsstilling frå 01.01.2024 – 31.07.2024.

 

Stillingstype

Stillingane vil vere knytt til undervisning både på barnesteget og ungdomssteget. Det kan vere aktuelt med kontaktlærarfunksjon. Utover våren kan det bli ledige lærarstillingar ved skulen på grunn av endringar i personalsituasjonen. Desse stillingane vil bli tatt med i tilsettingsprosessen. Vi tek atterhald om endringar elles i organisasjonen.

 

Arbeidsoppgåver

  • undervisning og rettleiing av elevar
  • vurderingsarbeid vert lagt vekt på gjennom ulike former for elevvurdering
  • motivere elevane til innsats for eiga læring
  • tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar
  • samarbeid med elevar, føresette og kollegaer
  • rettleie elevar fagleg og sosialt

 

Kvalifikasjonar

Vi ønsker lærarar med erfaring og utdanning innan faga norsk, engelsk, musikk, kroppsøving, kunst & handverk og matematikk, men andre fag kan og vere aktuelt. Det er ønskeleg med erfaring og kompetanse innan tilpassa opplæring, eventuelt spesialundervisning.

  • beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
  • ha god kommunikasjonsevne
  • digital kompetanse
  • bidra til teamutvikling
  • engasjert og fagleg dyktig
  • det blir stilt krav om politiattest
  • det vert stilt krav til allmennlærarutdanning eller tilsvarande pedagogisk utdanning.
  • personlege eigenskapar vil og bli vektlagt

 

Personlege eigenskapar

  • kan jobbe sjølvstendig og strukturert
  • er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
  • kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
  • har fokus på klasseleiing
  • opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
  • er løysingsfokusert og utviklingsorientert
  • er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne

 

Vi tilbyr

  • eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
  • ein arbeidsplass med fokus på utvikling
  • ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
  • gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale

 

Tilsettingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering, prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

 

Referansar

Oppgi referansar

 

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.

 

 

Søk her

 

 

  • Fylke: Møre og Romsdal
  • Jobbtype: Vikariat
  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Arbeidstid: Dag
  • Stillingstype: Vikariat
  • Søknadsfrist: 15.12.2023
  • Tiltreding: 01.01.2024
  • Arbeidsstad: Tomrefjord skule

 

Kontaktpersonar:

Elisabeth Selnes
mob: 41262647

 

Heimeside:

www.vestnes.kommune.no

 

Adresse:

Lidvegen 14 6393 Tomrefjord

 

Vestnes kommune Tomrefjord skule

Tomrefjord skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med ca. 215 elevar. Skulen ligg fint til mellom fjord og fjell, og disponerer område med gapahuk ved sjøen. Naturen blir brukt aktivt i undervisninga. Rett ved skulen ligg også nyrenovert idrettshall med tilhøyrande svømmebasseng. Skulen har elevar frå Tomrefjord og Øverås på barnesteget. På ungdomssteget kjem elevane i tillegg frå Fiksdal og Rekdal.

Del stillingen

Selskap

Vestnes kommune

Kontaktinfo

  • Elisabeth Selnes
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 41262647

Lokasjon

  • Tomrefjord

Søknadsfrist

Desember 15, 2023