Grunnskulen treng framleis lærarar frå hausten 2024
Det er framleis behov for fleire lærarar i grunnskulen, både på barneskulane og ungdomsskulane. Det er ønskjeleg at søkjar har basisfaga. Det kan i tillegg vera akutelt å jobba som kontaktlærar.
Kvinnherad kommune har 14 skular og søkjer etter lærarar. Vi er på jakt etter engasjerte, fagleg dyktige lærarar som ynskjer å bidra til lærelyst og eit godt skulemiljø! Kvinnherad kommune har stort fokus på samarbeid for eit godt og trygt miljø for elevar, der alle jobbar saman for å skape ein god oppvekst. Vi vil at elevane skal møte ein opplæring som gir meistring, lyst til å lære, og som ruster dei for ei framtid i stadig utvikling. Som søkar må du skriva om du søkjer på ei bestemt skule, eller om du vil stå på søkjarlista til fleire skular.
Kvinnherad kommune tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog og fjell, og kommunen har nyleg opna Kvinnherad Arena. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Shoppingmoglegheiter finst på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod til Bergen og Haugesund.
Arbeidsoppgåver
- Kontaktlærar/Faglærar/Spesialpedagog
- Samarbeid med foreldre/føresette og andre samarbeidspartnarar
- Vera aktivt deltakande i skulen sine profesjonsfellesskap
- Sikra at elevane er del av eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø
Kvalifikasjonar
- Godkjend og relevant utdanning frå høgskule eller universitet – jf. opplæringslova § 10-1 og forskrift til opplæringslova kap. 14
- Ha gode dugleikar i læringsleiing og klasseleiing
- God digital kompetanse
- Speialpedagogikk er ein fordel
- Ungdomsskulane i kommunen har eit særleg behov for språkfag som spansk og tysk
Personlege eigenskaper
- Tydeleg klasseleiar
- Positiv, fleksibel og initiativrik
- Kunne arbeida sjølvstendig og i tett samarbeid med andre
- Oppteken av skuleutvikling
- Ha evne til å skape gode relasjonar i klasserommet og jobba systematisk med eit trygt og godt skulemiljø
- Ha evne til å skapa eit inkluderande læringsmiljø gjennom tilpassing, tilrettelegging, variasjon og elevaktivitet
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom SPK
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
- Moglegheit for vidareutdanning for lærarar gjennom gjeldande statlege ordningar
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkjeskal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §
10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 12.04.2024
Tiltreding: 01.08.2024
Kontaktpersonar:
Eva Refvik
mob: +47 99562307
Heidi Anita Særsten Solheim
mob: +47 48895633
Hilde Kjelstrup
mob: +47 45210707
Heimeside:
www.kvinnherad.kommune.no
Adresse: Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal
Kvinnherad kommune Barn og familie
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.
Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda
Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.