Undervisningsstilling innan Teknologi og industrifag
Fusa vidaregåande skule tilbyr: Studiespesialisering kunst, design og arkitektur og 4 yrkesfaglege utdanningsprogram; helse og oppvekst, teknologi og industrifag, naturbruk og restaurant- og matfag. I tillegg har vi tilbod innan TAF/YSK og tilrettelagt undervisning. Skulen har omlag 300 elevar og 50 tilsette. Tett samarbeid med næringslivet er ein sentral del av skulen sitt arbeid for å kunna gje ei relevant opplæring. Sjå skulen si heimeside https://www.fusa.vgs.no/ og skulen sin film https://youtube.be/37e8hMyhHnA
Teknologi og industrifag har eit auka behov for kompetente fagarbeidara. Vil du vere med i opplæringa av elevar på Fusa vidaregåande skule?
- Søknadsfrist: 17.03.2024
- Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
- Stillingstittel: Undervisningsstilling innan Teknologi og industrifag
- Stillingar: 1
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Tilsetjingsform: Fast
- Stillingsprosent: 100
- Webcruiter-ID: 4758498758
Arbeidsoppgåver
- Stillinga innebær praktisk og teoretisk undervisning, både i klasserom og i skulen sin verkstad, samt oppfølging av elevar i bedrift.
- Det kan vere aktuelt å kombinere denne stillinga med undervisning i andre fag ved skulen, ut frå våre behov og søkjar sin kompetanse.
Kvalifikasjonar
- Godkjent yrkesfaglærarutdanning innan teknologi og industrifag og/eller fagbrev innan fagområdet.
- Det er ønskjeleg med praktisk erfaring frå fagområdet.
- Til alle stillingar er det krav om fagleg og pedagogisk kompetanse. Dersom ein ikkje oppfyller kravet om pedagogisk kompetanse, vil skulen legge til rette for utvikling av formell og pedagogisk kompetanse.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God digital kompetanse
Personlege eigenskapar
- Du har mål om å vere ein trygg og tydeleg klasseleiar, med evne til å skapa gode relasjoner til elevane
- Du arbeider sjølvstendig og nøyaktig, og deltek aktivt i eit profesjonsfellesskap
- Du har gode evner til samarbeid, og kommuniserer godt både med elevar, tilsette og føresette.
- Du samarbeider godt med eksterne fagmiljø for å utvikla gode undervisningstilbod og synleggjera skulen
- Du er løysingsorientert og har evne til omstilling
- Du er utviklingsorientert og tek medansvar for å utvikle faggruppa
- Du har ei pedagogisk forståing i tråd med skulen sitt elevsyn
Vi tilbyr
Eit aktivt og stimuleranse profesjonsfellesskap
Nært samarbeid med kollegaer
God delingskultur, positiv innstilling og godt humør
Ein arbeidsplass som ligg i rolege og fine omgjevnader
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Haldis Gjøen Solvang
ass. rektor
Telefon:97161326
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.