Undervisningsstilling i maritime fag, maskin
Laksevåg og Bergen maritime vgs har 80 tilsette og omlag 480 elevar. Skulen har totalt 31 klasser med tilbod innan bygg- og anleggsteknikk, elektro- og datateknologi, elektro- og datateknologi med spesiell studiekompetanse og teknologi- og industrifag. Innanfor teknologi- og industrifag tilbyr skulen industriteknologi, brønnteknikk, kjemiprosess og laboratoriefag og maritime fag. Skulen er lokalisert i Bergen sentrum og på Laksevåg.
Skulen har følgjande stilling ledig:
- Inntil 80 % vikariat som faglærar i maritime fag, maskin.
- Vi søkjer etter kandidatar som har M4 sertifikat eller fagbrev som skipsmotormekanikar.
- Ved tilsetjing vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Søknadsfrist: Snarast
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Undervisningsstilling i maritime fag – maskin
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Vikar
Stillingsprosent: 80
Webcruiter-ID: 4850489085
Sluttdato: 31.07.2025
Arbeidsoppgåver
Undervisning i maritime fag.
Kvalifikasjonar
- M4 sertifikat eller fagbrev som skipsmotormekanikar.
- Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf opplæringslova.
- Ved manglande pedagogisk og/eller fagleg kompetanse vil det bli lagt til rette for etterutdanning.
Personlege eigenskapar
- Du bidreg til å skape gode relasjonar, både til elevar og kollegaer
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner
- Strukturert
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Liker å arbeide med ungdom
Vi tilbyr
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.
Andre opplysningar
Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Odd Frantzens plass 6, 5008 Bergen, Norge
Kontaktinformasjon
Jan Kåre Greve
rektor
Telefon:+47 91680978
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.