Solund kommune

Undervisningsstilling i øyriket Solund, heilt vest i Noreg

 

 

Solund, øyriket ytst i Sognefjorden. Vi har eit godt utvikla tenestetilbod i kommunesenteret Hardbakke med skule, barnehage, butikksenter og gode kommunikasjonar til fastlandet. Solund er eit eldorado for friluftsaktivitetar på både sjø og land, til dømes kajakkpadling og fotturar.

 

Ledig undervisningsstilling.

Solund barne- og ungdomsskule er ein 1-10 skule med om lag 65 elevar, lokalisert på Hardbakke. Skulen har 4-delt barneskule og 2-delt ungdomsskule. Skulen har om lag 12 lærarstillingar. I tillegg kjem reinhaldspersonell og fagarbeidarar. Vi arbeider prosessorientert i utviklingsarbeidet vårt og prøver å ta med erfaringar vi gjer oss undervegs når vi skal til med endra praksis for å auke læringsutbytte hjå elevane. Oktober 2023 vert det studietur på personalet der vi skal arbeide med tema som omhandlar læringsutbyttet til eleven. Ved SFO, skuleåret 2023 – 2024, er det 18 elevar. Leksehjelp vert gjeve med ein time kvar veke.

Skulen samarbeider med kulturskulen og kombinasjonsstilling mellom skulen og kulturskulen er mogeleg.

 

Arbeidsoppgåver

Vi har ledig stilling for deg som

  • har kompetanse til å undervise på 1.-7.trinn og då fortrinnsvis på 1.-4.trinn.
  • har kompetanse til å undervise i valfaga tysk og/eller spansk på ungdomskulen.
  • har kompetanse til å undervise i faga kunst og handverk og musikk
  • ønskjer utvikling, leitar etter løysingar og nyttar handlingsrommet som ligg i skulekvardagen

Om du finn skulen vår interessant, men ikkje har faga vi etterspør i din fagkrets, er vi likevel interessert i å opprette kontakt.

 

Kvalifikasjonar

  • har relevant pedagogisk utdanning/undervisningskompetanse
  • har fag i fagkretsen som skulen har behov for
  • søkjarar med utanlandsk utdanning må ha NOKUT godkjenning
  • studentar som held på med masterdel av lærarutdanninga

 

Personlege eigenskapar

  • har evna til å motivere andre og utvikle meistringsklima
  • vil vere med og utvikle miljø for lærelyst
  • likar å arbeide med menneske og møter menneske på ein god måte
  • ser skulen i heilskap med lokalsamfunn og omgivnader
  • har humor, er fleksibel, opptekne av å samarbeide og er ein teambyggar
  • tek ei utfordring på strak arm
  • har lyst å vere del av eit lite samfunn
  • har evna til å bygge relasjonar

 

Vi tilbyr

  • Nyutdanna lærarar, utan undervisningserfaring, får redusert undervisning med ein time dei to første undervisningsåra. Redusert undervisningstid vert følgt opp med mentor og rettleiing.
  • Du som er ny på skulen vert knytta til ein mentor/fadder. Behovet vert avtala med deg.
  • Rekrutteringstiltak med kr 20 000,- tillegg på årsløn.
  • Flyttegodtgjersle med inntil kr 30 000,- og bindingstid med 2 år
  • Studietur for personalet oktober 2023 med fokus på å utvikle eigen praksis for å styrke læringsutbytte til elevane våre.
  • Eit oppvekstmiljø som har starta endringsprosessar med å utvikle læringssmiljøet
  • Vere del av ei personalgruppe som ønskjer utvikling og er open for nye tankar

 

Søkjar må legge vekt på å presentere seg opp mot det som vert etterspurt i utlysingsteksten. Solund kommune nyttar nynorsk målform. Den som vert tilsett må vere trygg i norsk språk, både muntleg og skriftleg. Solund kommune brukar nynorsk skriftspråk.

 

Tilsetjing elles i tråd med HTA. Løns- og arbeidsvilkår er i h.h.t. gjeldande lov, reglement og avtaleverk. Prøvetid med 6 månader.

 

I tråd med opplæringsslova og lov om helsepersonell er det krav om godkjend politiattest og utfylt MRSA- og tuberkuloseskjema ved oppstart i stillinga.

 

Attestar og vitnemål må leggjast fram i samband med intervju.

 

Solund kommune nyttar elektronisk søknadssystem, For å søkje på stilling hjå oss, må du opprette eigen brukaridentitet og passord i EasyCruit. Søknadar som ikkje vert levert elektronisk vert ikkje vurdert vidare i prosessen.

 

Velkomen som søkjar!

 

Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.

 

 

Søk her

 

 

  • Fylke: Vestland
  • Jobbtype: Fast
  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Arbeidstid: Dag
  • Søknadsfrist: Fortløpande tilsetjing
  • Tiltreding: Etter avtale
  • Arbeidsstad: Hardbakke

 

Kontaktpersonar:

Gunnlaug Olsvoll Røed
tlf: +47 57 78 62 19
mob: +47 908 55 224

 

Heimeside:

/www.solund.kommune.no/

 

Adresse:

Hardbakke 6924 Hardbakke

 

Solund kommune

Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen.

Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, discgolfbane, klatreanlegg og nytt treningsstudio. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen.

I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband.

Klikk på lenkja for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt: http://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ

Del stillingen

Selskap

Solund kommune

Kontaktinfo

  • Gunnlaug Olsvoll Røed
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 57 78 62 19 mob: +47 908 55 224

Lokasjon

  • Hardbakke

Søknadsfrist

August 13, 2023