Ullensvang kommune HR

100% stilling som HR rådgjevar

 

 

 

HR rådgivar – 100 % stilling

Friluftshovudstaden Ullensvang er i ei spanande utvikling. Turisme, landbruk og industri har stor vekst, noko som fører til at vi òg treng fleire flinke medarbeidarar i kommunen.

 

Kommunen har omlag 10 900 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenester, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og treng no å ha fleire med på laget.

Ullensvang kommune søker rådgjevar til HR-avdelinga i fast 100 % stilling, ledig frå dags dato. Vi er på jakt etter ein person som er kompetent i HR-faget, som er flink med folk og som har eit stort engasjement i jobben og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø i avdelinga. I rolla som HR-rådgivar vil du ha høve til å utvikle deg, ha dialog med tilsette og leiing, og vera ein viktig bidragsyter for at Ullensvang

kommune skal vera ein attraktiv arbeidsplass.

 

Arbeidsstad er Odda.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Sakshandsaming
  • Arbeidsrett
  • Opplæring, støtte og rådgjeving til leiarar
  • Forhandling
  • Rekruttering
  • Bistå verksemder i arbeidet med omstilling, organisasjons- og arbeidsmiljøutvikling
  • Bistå i konflikthandtering og i vanskelege personalsaker
  • Overordna systemarbeid og utvikling innan HMS
  • Samhandling med tillitsvalde og verneombod
  • Andre oppgåver kan verta tillagt stillinga

 

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning på bachelor/masternivå
  • Erfaring og kompetanse innan HR
  • Fordel med erfaring innan leiing
  • Gode digitale ferdigheiter

 

Personlege eigenskapar:

  • Gjennomføringsevne
  • Gode samarbeidsevner
  • Proaktiv og effektiv
  • Strukturert
  • Løysingsorientert
  • God i kommunikasjon, å bygge relasjoner og skape tillit
  • Du må tåle å ha mye å gjøre og å raskt endre fokus
  • Må kunne identifisera seg med kommunen sine verdiar:

* Tydelig og engasjert
* Inkluderande og lojal
* Tillitsfull og respektfull
* Samskapande

 

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Spennande arbeid
  • Kjekke kollegaer
  • Lønn etter avtale
  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

 

Krav:

  • Politiattest
  • Godkjend tuberkulinstatus

 

 

Søk her

 

 

  • Fylke: Vestland
  • Jobbtype: Fast
  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Arbeidstid: Dag
  • Søknadsfrist: 05.03.2024
  • Arbeidsstad: Odda

 

Kontaktpersonar:

Marianne Halland
mob: +47 97558499

 

Heimeside:

ullensvang.kommune.no

 

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

 

Ullensvang kommune HR

– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?

Lenkjetekst: Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa

Lenkje: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Del stillingen

Selskap

Ullensvang kommune

Kontaktinfo

  • Marianne Halland
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 97558499

Lokasjon

  • Odda

Søknadsfrist

Mars 5, 2024