100% stilling som kommunepsykolog i Ullensvang kommune
Ullensvang kommune har ledig 100 % fast kommunepsykologstilling
Ullensvang kommune lyser ut fast 100% kommunepsykologstilling. Stillinga er organisert på helsestasjonen under sektor for oppvekst- og utdanning.
Kommunen satser på forebygging og kvalitet i psykisk helse til barn og unge 0-23 år. I stillinga inngår det varierende arbeidsoppgåver, med førebyggjande og helsefremjande arbeid til målgruppa, klinisk behandling samt eit tverrfagleg samarbeid etter BTI- modellen. Meir info på BTI-modellen sjå: https://www.forebygging.no/BTI/
Stillinga sitt formål:
Styrka psykologkompetansen og bidra til å styrke det samla kommunale arbeidet på psykisk helsefelt. I dette ligg helsefremjing og førebyggjande arbeid, tidleg oppdaging og intervensjon. Tverrfagleg samarbeid, rettleiing og gjensidig kompetanseutvikling står sentralt i arbeidet.
Ny opptrappingplan for psykisk helse (2023 – 2033) skal bidra til at fleire får oppleve god psykisk helse og livskvalitet og at sosiale forskjellar i psykisk helse vert redusert. Ein av tre innsatsområder i planen skal dekkje både det helsefremjande og det førebyggjande arbeidet. Opptrappingsplan for psykisk helse (2023–2033). Du vil være med på å forme dine arbeidsoppgåver i tråd med kommunen sin plan for stillinga. Kommunepsykolog vil jobbe tett med deler av kommunens rus- og psykiatriteneste, legetenesta, PPT, Barnevern, helsesjukepleiarar, Bup samt andre naturlege samarbeidspartnarar.
Ansvarsområder/arbeidsoppgåver
Førebyggjande og helsefremjande arbeid retta mot barn og unge
Klinisk/terapautisk arbeid med brukere
Behandling av lettare til moderate psykiske og åtferdsmessige vansker, samt med rus problematikk.
Være kommunen sin hovedressurs innan arbeidet med psykisk helse til barn og unge og deira familie
Diagnostiske vurderinger og utredninger for å kunne tilrettelegge behandlingstiltak
Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid
Undervisning til barn si psykiske helse, rettleiing av føresette og personell som arbeider i barnehage og skule
Delta i fagleg utviklingsarbeid og planlegging
Bidra inn til kommunens deltakelse i oppretting av “Psykisk helseteam”
Systemarbeid:
Samarbeide og rettleiar helsesjukepleiarar i konkrete saker
Samarbeide med tilsett kommunepsykolog på helsestasjonen
Samarbeide med kommunale hjelpeinstansar ved behov (PPT, barnevernteneste, psykiatriteneste, fastlegar m.fl ) samt familiekontor og spesialisthelsetenesta
Rettleiing til andre fagpersonell i konkrete saker
Arbeida systematisk for god fagleg samarbeidsrutinar og styrka fagleg arbeid på helsestasjonen
Ynskja kvalifikasjoner
Offentlig godkjenning/autorisasjon som psykolog
Videreutdanning og/ eller erfaring fra familieterapi eller kognitiv terapi og arbeide med barn/ ungdom er svært ønskelig.
Erfaring fra primær- eller spesialisthelsetjenesten er ein fordel
Erfaring med barn og unge
Grunnleggjande IKT-kompetanse
Interesse for fagutvikling
Gode norskkunnskaper både skriftlig og muntlig, med god framstillingsevne
Vi oppfordrer også sisteårs studenter å søkje på stillinga
Attest norsk språk B1-B2, gjeld for søkjarar utanfor norden
Profesjonsstudium i psykologi, gjerne med spesialistutdanning
Organisasjonspsykologi og organisasjonsutvikling
Systemkompetanse og kompetanse innan organisasjon- og endringsleiing
Rettleiing og rådgjevningskompetanse
Personlige egenskaper
God samarbeidsevne
Evne til å arbeide fleksibelt, målretta og løysingsorientert
Evne til å inspirere og engasjere
Evne til å arbeide sjølvstendig og i team samt kunne skriftleggjere sitt arbeid
Evne til god og tillitsbyggjande kommunikasjon med mennesker i vanskelege livssitusjonar, kollegaer og samarbeidsinstanser
Det vert lagt stor vekt på personleg kvalifikasjonar.
Me tilbyr
Ein spanande stilling der du får bidra til å videreutvikle tenestetilbodet til målgruppa
Moglegheit for personleg og fagleg utvikling
Løn i tråd med tariff
Gode pensjons- og forsikringsordninger
Gode arbeidsforhold med eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø
Dekning av reiseutgifter etter avtale
Gode pensjons- og forsikringsordninger i KLP
Kommunen er behjelpelig med å skaffe bolig
Ynskjer du å veta meir?
Spørsmål om stillinga rettes til:
Kommunepsykolog Julia Sabine Kulla, mail: julia.kulla@ullensvang.kommune.no mobil: 480 30 062
Kommunalsjef for Oppvekst- og utdanning Anna Maria Kråkevik, mail: anna.maria.kraakevik@ullensvang.kommune.no mobil: 970 78 337
Vil du veta meir om Ullensvang helsestasjon, sjå heimsida vår på ullensvang.kommune.no/seksjon/oppvekst-og-utdanning/helsestasjonstenesta/
Tiltreding er ynskja så snart som mogleg.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
“Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: signering.posten.no/
Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 16.12.2024
Arbeidsstad: Odda
Kontaktpersonar:
Torbjørg Krogh Larsen
mob: +47 91140736
Heimeside:
ullensvang.kommune.no
Adresse: Opheimsgata 31 5750 Odda
Ullensvang kommune
– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?
Lenkjetekst: Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa
Lenkje: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49