Handverkarar

 

Ålesund kommunale eigedom KF, Ålesund kommune

Ålesund kommunale eigedom KF søkjer 1, kanskje 2 handverkarar/tømrarar til avd. Eigedomsdrift, gruppe Bygg Vest (gamle Ålesund). Eigedomsdrift har 6 grupper som dekkjer heile kommuna. Dersom vi får godt kvalifiserte søkjarar, kan det vere aktuelt å styrke kapasiteten med eigne handverkar i andre delar av kommuna.
Som handverkar i ÅKE KF vil du få ein spanande og utfordrande jobb. Vi opplever at desse stillinga er attraktive, og kan by på variert arbeid. Du ser på deg sjølv som ein dyktig handverkar, som «problemløysar» der du trivast med nye utfordringar og moglegheiter. Viktig er fokus på godt handverk, men også nøgde brukarar. Du blir ein del av eit sterkt fagleg og godt fungerande team med gode og løysingsorienterte kollegaer.

Avdelinga har serviceoperatørar, driftsteknikarar og handverkarar. Dei siste har mest med rehabilitering og klargjering av ulike utleigebustader, men også vedlikehald av andre kommunale bygg. I Eigedomsdrift er det totalt 55 medarbeidarar. Alle gruppene har ein gruppeleiar. I Bygg Vest er det 7 handverkarar. Til stillinga høyrer det med ein høveleg varebil.

Vi set stor fokus på at våre tilsette skal ha kompetanse innan deira fagområde. Dette inneber blant anna oppgåver med variasjon, og god moglegheit for fagleg og personleg utvikling.

Vi ser på oss som ein profesjonell og attraktiv arbeidsgjevar med stor spennvidde i fagområde innan bygg og eigedomsforvaltning. Det faglege miljøet vil vere breitt med mellom anna (sivil)ingeniørar, (sivil)arkitektar, (sivil)økonomar, byggmeistrar, fagarbeidarar og andre medarbeidarar innan merkantile og andre fagfelt. Til saman er det 181 tilsette i føretaket.

Søknadsfrist: 27.03.2022
Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Stad: Ålesund
Stillingstittel: Handverkarar
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4485921017

Arbeidsoppgåver

Vedlikehald og rehabiliteringsoppgåver på kommunale byggutleigebustader og andre kommunale bygg.
Andre oppgåver under spesielle omstende, eller ved fråvær.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer primært etter nokon med relevant svennebrev eller tilsvarande utdanning som tømrar eller snekkar. Relevant bakgrunn/erfaring (omfang og type) kan kompensere for manglande utdanning. Du har erfaring og kompetanse frå bygging og -eller rehabilitering.
Litt kunnskap om- og interesse for digitale verktøy.

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Blant anna evne til samarbeid (både internt og med våre kundar) og kunne snakke og skrive godt norsk.

Vi tilbyr

Vi tilbyr løn etter avtale med kommunale tilsettingsvilkår
Pensjonsordning i KLP
IA-bedrift
Fleksibel arbeidstidsordning
Fagleg utvikling
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø.

Borgundvegen 501, 6015 Ålesund, Norge

 

Søk på stilling her.

 

Kontaktinformasjon

Bjarne Hundsnes, Leiar
954 62 591

 

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

 

Del stillingen

Selskap

Ålesund kommune

Kontaktinfo

  • Bjarne Hundsnes
  • Tittel: Leiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 954 62 591

Lokasjon

  • Ålesund

Søknadsfrist

Mars 27, 2022