Undervisningsstilling – inntil 100% fast og inntil 100% årsvikariat
Stillingstype
Tomrefjord skule har ledig fast inntil 100% fast undervisningsstilling i ungdomsskulen frå 01.08.2023. I tillegg har vi eit 100% årsvikariat ledig
Tomrefjord skule er ein 1 – 10 skule, og årsvikariatet kan gjelde i heile skulen si verksemd, både i ungdomsskulen og barneskulen. Det kan, for den faste stillinga, vere aktuelt med kontaktlærarfunksjon. Vi tek atterhald om endringar elles i organisasjonen.
Arbeidsoppgåver
- undervisning og rettleiing av elevar
- vurderingsarbeid vert lagt vekt på gjennom ulike former for elevvurdering
- motivere elevane til innsats for eiga læring
- tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar
- samarbeid med elevar, føresette og kollegaer
- rettleie elevar fagleg og sosialt
Kvalifikasjonar
- det er ønskeleg med utdanning og erfaring innan fleire fag. Spesielt er det ønskeleg med faga matematikk, naturfag, norsk, norsk for framandspråklege og engelsk. Det er ønskeleg med kompetanse i spesialpedagogikk for begge stillingane.
- andre fagområde kan også vere aktuelle.
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- ha god kommunikasjonsevne
- digital kompetanse
- bidra til teamutvikling
- engasjert og fagleg dyktig
- det blir stilt krav om politiattest
- det vert stilt krav til allmennlærarutdanning eller tilsvarande pedagogisk utdanning.
- personlege eigenskapar vil og bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- kan jobbe sjølvstendig og strukturert
- er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
- kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
- har fokus på klasseleiing
- opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
- er løysingsfokusert og utviklingsorientert
- er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- ein arbeidsplass med fokus på utvikling
- løn etter gjeldande avtaleverk
- ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referansar
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort.
- Referansenr: 23/1033
- Fylke: Møre og Romsdal
- Jobbtype: Fast
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Arbeidstid: Dag
- Søknadsfrist: 08.05.2023
- Tiltreding: 01.08.2023
- Arbeidsstad: Tomrefjord skule
Kontaktpersonar
Ronny Engan
mob: 95102115
Heimeside
Adresse
Lidvegen 14 6393 Tomrefjord
Vestnes kommune
Tomrefjord skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med ca. 215 elevar. Skulen ligg fint til mellom fjord og fjell, og disponerer område med gapahuk ved sjøen. Naturen blir brukt aktivt i undervisninga. Rett ved skulen ligg også nyrenovert idrettshall med tilhøyrande svømmebasseng. Skulen har elevar frå Tomrefjord og Øverås på barnesteget. På ungdomssteget kjem elevane i tillegg frå Fiksdal og Rekdal.