Teamleiar Bu- og habilitering i Stordal

 

Formålet med stillinga er å ivareta bu- og habiliteringstenesta i kommunen i Stordal. Teamleiar skal saman med Leiar for Fjord Bu- og Habilitering sikre ein god og forsvarleg arbeidsplass for tilsette og gode tenestar for pasientar, brukarar og pårørande i Fjord kommune. Teamleiar skal arbeide for kontinuerlig forbetring av tenesta, herunder både sikker- og kvalitetsmessig drift i samsvar til gjeldande mål, lovverk og rutinar.

Som teamleiar vil ein arbeide i ein kombinasjon av administrative oppgåver og arbeid i turnus primært på dagtid, samt helg.

Arbeidsoppgåver

Personal og drift
Helsefagleg og miljøterapeutisk ansvar i teamet
Utarbeide turnus/bemanningsplan med leiar og tillitsvalde
Utarbeide planar- og rutinar for pleiegruppene med fordeling av personalet sine kvalifikasjonar.
Ajourholde system for vedtak i samsvar med gjeldande lovverk.
Økonomi og innkjøp
Kome med framlegg til budsjett i samarbeid med leiar
Kontroll og attestasjon av timelister og rekningar
Påsjå at avdelinga held seg innafor vedtekne budsjett
Melde inn behov på bygg, medisinsk/teknisk utstyr, medisin og kompetanseheving av medarbeidarar internt og eksternt.
Opplæring
Utarbeide instruksjonsprogram, instruksjonsmateriale og veiledning, orientering og undervisning av personalet.
Yte fagleg bistand og opplæring i nytt utstyr (medisinteknisk/teknisk) og velferdsteknologiske løysingar.
Vidareutdanning og eigen opplæring/kursing når det krevjast iht. endringar i lovverk/forskrifter
Vegleie tilsette i rett bruk av lovverk
Oppfølging av rutinar, arbeidsreglement og kvalitetssikring
Medverke til utarbeiding av arbeidsrutiner for personalet innan avdelingane
Utarbeide helsefaglege standarar, arbeide målretta med kvalitetssystem og rapport –og avvikssystem.
Ansvar for pårørandemøte/ansvarsgruppemøter 2 gonger i året
Registrere og behandle avvik

Anna

Samarbeide med koordinerande eining ved vurdering av tildeling av tenester.
Ansvarlig for opplæring av stedfortredar (vaktansvarleg)
Andre oppgåver pålagt av leiar.

Kvalifikasjonar

Relevant helse- og sosialfagleg eller høgskuleutdanning på bachelornivå
Relevant arbeidserfaring fra det fagområdet ein skal leie
Relevant leiarerfaring fra offentlig og/eller privat virksomhet.

Andre ønskelege kvalifikasjonar;

Solid forståelse for rammebetingelsane som ein offentleg leiar må halde seg til
God forståelse for leiarrolla i eit politisk-, administrativt- og fagsystem
Relevant etter- og vidareutdanning
God digital kompetanse
God på planlegging og drift
Erfaring fra partssamarbeid

Personlege eigenskapar

• Tydelig og evner å sette retning
• Visjonær og kreativ, men også løysingsorientert og beslutningsdyktig
• Fleksibel og endringsorientert
• Evne til å delegere ansvar og kunne motivere og inspirerer medarbeidarar
• Gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
• Gjennomslagskraft og gjennomføringsevne
• Tillitsskapende med høy integritet

Vi tilbyr

Lønn etter avtale

 

Søknadsfrist:26.04.2020

 

Arbeidsgivar: Fjord kommune
Stad: Stordal
Tittel: Teamleiar Bu- og Habilitering i Stordal
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4221206802
Stillingar: 1
Arbeidsstad 6250 Stordal

 

Kontaktinformasjon

Lisbeth Schei Bjørdal, Einingsleiar
418 67 990
[email protected]

Kjetil Heggem
Kommunalsjef Helse- og Omsorg
418 67 939
[email protected]

 

Fjord kommune er tidlegare Norddal og Stordal kommune som slo seg saman 01.01.2020. Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.

Fjord kommune som har litt under 2700 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.

Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med stort fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen her..

 

 

Del stillingen

Selskap

Fjord kommune

Kontaktinfo

  • Lisbeth Schei Bjørdal
  • Tittel: Einingsleiar
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: 418 67 990
  • Kjetil Heggem
  • Tittel: Kommunalsjef Helse- og Omsorg
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: 418 67 939

Lokasjon

  • Valldal

Søknadsfrist

April 26, 2020